Anders Totland vil gi heder til lokaljournalistikken. Bildet er fra da Hallingdølen ble kåret til Årets beste lokalavis i Europa i 2013.
Sigmund Krøvel-Velle/Hallingdølen / Marius Knutsen
DEBATT:
Ein hyllest til kvardagsjournalisten
«Det er sjølvsagt bra at journalistikk kan avsløra ugagn, men det er endå betre om journalistikk bidrar til å førebygga slik at ugagnskråkene lar det vera med tanken.», skriv Anders Totland.
Det er lett å la seg imponera av gravande og avslørande journalistikk, som krev store budsjett og påverkar både storting og regjering. Som får statsrådar til å gå av, administrasjonar til å rydda opp, og som blir ståande som skinande døme på god journalistikk for ettertida – med god grunn.
Men det finst ein anna journalistikk som er minst like viktig, som me sjeldan snakkar høgt om: Den førebyggande journalistikken.
Du veit, den som blir laga rundt om i landet kvar einaste dag, i små og pittesmå redaksjonar som du neppe har høyrt om – med mindre du følgjer BA-desken på Instagram.
Men folka som bur i dei ulike avisene sine nærområde har høyrt om dei, og kjenner kanskje til og med nokon som jobbar der. Og berre det at politikarane og bedriftseigarane og alle andre med makt veit at det finst lokalavisjournalistar som kan finna på å skriva om det dei driv med, kan vera nok til at mange skjerpar seg og lar vera å utnytta systemet.
Dette er kritisk journalistikk på sitt mest kvardagslege.
Samstundes er dette kritiske blikket i kvardagen noko av det viktigaste journalistiske arbeidet som blir gjort. Det er sjølvsagt bra at journalistikk kan avsløra ugagn, men det er endå betre om journalistikk bidrar til å førebygga slik at ugagnskråkene lar det vera med tanken.
Desse journalistane, som går i kommunestyre- og utvalsmøte som aldri tar slutt, som les offentlege postlister kvar einaste morgon, og får kjeft på nærbutikken og i barnehagen for at dei skriv feil saker i avisa, fordi naboen er misfornøgd med prioriteringane; der har du ein god gjeng med kvardagsheltar!
PS: Lokalaviser kan sjølvsagt både grava og avsløra, men det er trass alt ikkje paukar og basunar til kvardags. Meir triangel og blokkfløyte.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.