Nationen svarer journalistene Xueqi Pang og Abdirahman Hassan.

MENINGER:

Saka var kanskje ikkje innertiar, men vi meiner heller ikkje den var heilt skivebom

«Vi ynskjer å invitere journalistane Xueqi Pang og Abdirahman Hassan til redaksjonen», skriv Nationen i svar til journalistane som kritiserte ku-sak.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Journalistane Xueqi Pang og Abdirahman Hassan skriv i eit lesarinnlegg på Medier24 at dei ynskjer å slakte Nationen. Bakgrunnen er ei sak vi publiserte om kua som vart omtalt med N-ordet i ein episode av Farmen Kjendis. Heldigvis kan det sjå ut som at det berre er ein nokså tom trussel om å slakte oss i innleiinga og at dei heller held fram med det vi oppfattar som konstruktiv kritikk.

At vår sak om kua som Kjersti Grini omtalte med N-ordet skulle bli dømet som skulle bli brukt for å dra i gang ein debatt om mangfald i pressa hadde vi ærleg talt ikkje sett for oss. Like fullt har vi ikkje noko imot å bli brukt til å få i gang nettopp ein slik debatt. Vi er er sjølvsagt heilt samde, vi vil også veldig gjerne ha fleire saker i norsk presse som «får fram flere perspektiver, og ikke minst tar saker som angår minoriteter på alvor».

Intensjonen med saka vi publiserte om kua Joulita var så enkelt som å skrive ei sak om den mest omtalte kua i norsk presse på lang tid. Meir komplisert er det ikkje. Saka var kanskje ikkje innertiar, men vi meiner heller ikkje den var heilt skivebom. Den kan sikkert bli tolka og analysert i alle slags retningar. Kanskje burde vi tenkt oss betre om, for vi meinte i alle fall ikkje korkje å såre eller krenke nokon.

Xueqi Pang og Abdirahman Hassan skriv at dei «mistenker dessverre at denne artikkelen hinter om et større problem i avisen». Vi kan absolutt bli betre. Likevel meiner vi at å nytte denne saka aleine som eit grunnlag for å seie at vi har eit større problem, er ein nokså grunn og lettvint analyse.

Pang og Hassan skal ha ros for å nytte høvet til å reise ein debatt om mangfaldet i norsk presse. Det er heldigvis noko eit samla medienorge er medvitne på og jobbar for å bli betre på. I Nationen jobbar vi også kontinuerleg for å bli betre og er glade for råd og kunnskap frå dyktige kollegaer. Difor ynskjer vi å invitere Xueqi Pang og Abdirahman Hassan til å kome til oss i redaksjonen for å snakke om korleis vi kan bli betre og, som dei skriv, «gi en stemme til de flerkulturelle som lever forbi ring 3.».

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS