Journalist Arnsten Linstad i Vårt Oslo og fersk Oslo MDG-leiar Sigrid Z. Heiberg.

VårtOslo-journalist kalla lokal MDG-topp «sekt­leiar». – Vanskeleg å ha tillit til hans nøytralitet

Politikarar reagerer på at politisk journalist Arnsten Linstad i Vårt Oslo deler sterke meiningar om Miljøpartiet dei Grøne i sosiale medium.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Seint laurdag kveld delte journalist Arnsten Linstad i Vårt Oslo eit sitat frå nyvald leiar Sigrid Z. Heiberg i Miljøpartiet dei Grøne Oslo, kor ho uttrykte at bilkøyring og stort kjøtkonsum ikkje gjer ein lukkelegare.

– Vanskeleg sak

Linstad kalla utsegna «moralistisk», og stilte i kommentarfeltet spørsmål ved om ho «egentlig burde være politiker», då ho ifølgje Linstad «hevder hun har oppskriften på andres lykke».

– Eg tenkjer det er tvilsamt presseetisk. Han skriv i tillegg ting eg verkeleg meiner er heilt feil, seier Sigrid Z. Heiberg til Medier24.

Ho legg til:

– Eg meiner alle skal få meine og seie det dei vil, men det vert vanskeleg å ha tillit til hans nøytralitet som politisk journalist.

– VårtOslo har eg veldig respekt for, så eg tykkjer det er ei litt vanskeleg sak, seier Heiberg.

I Ver Varsam-plakaten heiter det at den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde, og at ein skal unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

Twitter-reaksjonar

Fleire MDG-politikarar har reagert på Finstad sitt Facebook-innlegg på Twitter.

– Må vera lov

Medier24 har vore i kontakt med Linstad, som ikkje ynskjer å kommentera saka. Han viser til redaktør Vegard Velle.

Han avviser kritikken.

– Dette er ikkje i strid med vår arbeidslinje. Me har ikkje noko policy på at journalistar ikkje skal kunne ytre seg som samfunnsborgarar i offentlegheita, seier Velle.

– Han kjem til å halda fram som politisk journalist og dekkja bystyret slik han har gjort fram til no. Inkludert MDG. Om dei meiner me har faktafeil, får dei seia frå, og så korrigerer me. Vårt mål er at fakta skal vera korrekt, og så behandlar med MDG likt med andre parti, legg han til.

– De er ikkje redd for at hans ytringar skal påverka truverdet hans?

– Journalistar er også samfunnsborgarar med politiske meiningar, og det er betre at ein er opne om det enn å ha skjulte agendaer. Eg tykkjer ikkje noko særleg om at eit politisk parti tek kontakt med meg og gir meg kjensla av at dei ynskjer at eg innskrenkar hans ytrings- eller handlingsrom.

Redaktør Vegard Velle i lokalavisa VårtOslo

– Heiberg seier folk skal få seia og meina det dei vil, men at det er vanskeleg å ha tillit til han som nøytral journalist?

– Eg er meir redd for eit samfunn kor folk skal vera redd for å meina om samfunnet rundt seg.

Vidare seier Velle at Finstad «sannsynlegvis nok er samd med MDG i dei fleste punkt», men at han tykte det var moralistisk å karakterisera menneske etter kva dei likar og ikkje likar.

– Og det må vera rom for å meina som journalist, seier han vidare.

Powered by Labrador CMS