VårBesteJournalistikk

Kai Aage Pedersen: - Nivået på journalistikken har aldri vore betre enn i dag

- At journalistikk er viktig får eg merke kvar einaste dag. Etter å ha jobba langt frå tastaturet nokre år var det på grensa til  sjokkerande og også gledeleg å oppleve engasjementet rundt lokalavisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 har invitert ulike profilar i og utanfor mediebransjen til denne spalta #VårBesteJournalistikk, for å vise fram verdien av godt journalistisk handverk – og viktigheita av ei fri og uavhengig presse.

I denne utgåva av spalta snakkar me med sjefredaktør Kai Aage Pedersen i Firda.

Han vart nyleg så sjokkert over eit godt journalistisk handverk at han måtte sjå det to gonger.

 

Monas oppgjør - NRK.

- Det programmet sette meg heilt ut

1. Kva journalistisk prosjekt hugsar du best frå dei siste åra, og kvifor?

#VårBesteJournalistikk

I denne spalten har Medier24 invitert et knippe journalister, redaktører, lesere og øvrige mediefolk til å fortelle hvorfor journalistikk er viktig – og hva de ønsker å trekke fram som det beste innen det journalistiske håndverket de siste årene.

Vi ønsker å bidra til å fremme det gode håndverket innen journalistisk arbeid – i en tid der flere forsøker å devaluere jobben som gjøres.

 

Eit nyheitsprosjekt som har sett seg i sjela mi er sakene om Mona Anita Espedal i Sandnes. Journalist Syed Ali Shahbaz Akhtar i NRK Rogaland gjorde ein strålande jobb med å skildre Mona sin lange og tøffe oppgjer med eigen storfamilie, Sandnes kommune og også politikarane på Stortinget.

Det vart laga ei rekkje saker om Mona på radio, TV og nett, men eg hugsar best TV-dokumentaren “En søsters kamp” som Ali laga i lag med fotograf Jørn Nordstrøm. Det programmet sette meg heilt ut, eg måtte sjå det to gonger.  Programskaparane har laga 58 minuttar med glede eine augneblinken, sinne i neste og seinare djup avmakt.

 

- Mobiltelefonen glødar frå tidleg morgon

Kai Aage Perdersen, ansvarleg redaktør i Firda Media AS.

2. I kva grad meiner du journalistikk i viktig?

- At journalistikk er viktig får eg merke kvar einaste dag. Etter å ha jobba langt frå tastaturet nokre år var det på grensa til  sjokkerande og også gledeleg å oppleve engasjementet rundt lokalavisa. Det virkar rett og slett som om ting ikkje har skjedd viss det ikkje har vore sak om det i Firda.

- Mobiltelefonen glødar frå tidleg morgon til sein kveld, det er lesarar og kjelder som ofte har svært sterke meiningar. At journalistikk får konsekvensar ser vi også kvar einaste veke. Dette treng ikkje vere store journalistiske satsingar som hauastar prisar, men historiar som Alfhild (87) som ikkje får tilgang på internett på sjukeheimen. Det er ikkje måte på kor kjappe kommuneleiinga er med å fiksa internett når saka kjem i lokalavisa.

- Det er også gledeleg at vi no lukkast godt med å nå unge målgrupper med stoff som engasjerer. Spesielt blant unge er god journalistikk  viktig som eit korrektiv for det tomme sjølvskrytet på Instagram og Facebook.

- I det store bildet vil eg støtte alle dei som seier at nivået på journalistikken aldri har vore betre i dag. Redaksjonane må i større grad enn tidlegare vere opne om korleis vi arbeider og vi får raskt kritikk mot oss viss vi gjer feil. Dette gjer at vi alltid må vere skjerpa. At det blir drive journalistikk på journalistikken, slik for eksempel Medier24 gjer, er også positivt.

- Det som har blir avdekka rundt Giske-videoen som vart publisert i VG vil truleg føre til endå betre journalistikk både i VG og i andre redaksjonar. Klarering av sitat i kontroversielle saker vil heilt sikkert vere eit sentralt tema og gjere journalistikken endå betre.

 

- Ei stor utfordring for lokalavisene

3. Kva er den største utfordringa til journalistikken og kva kan vi gjere med det?

- For lokalavisene er det ei stor utfordring at det er vanskeleg å rekruttere flinke folk.

- I Firda hadde vi 25 gode søkarar då vi lyste ut sommarvikariat, så det var ein opptur . Men det er framleis for tidleg å setje permanent strek for den bekymringa. I Førde har vi både Nynorsk mediesenter i NRK og Nynorsk Avissenter som gjer ein god jobb med å læra opp nynorskjournalistar.

- Eg skulle ynskje dette arbeidet vart styrka endå meir. Dette er ikkje den største utfordringa for journalistikken, men ei stor utfordring for lokalavisene.

 

Powered by Labrador CMS