Vårt lille land-Tonje: – Det er for mange klisjéhistorier i norsk media

Tonje Steinsland hadde får både kjendisar og mannen på gata til å utlevere seg på tv. – Ein er nøydd til å vere der som menneske, seier Vårt lille land-programleiaren.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sidan våren 2013 har TV 2-programmet Vårt lille land engasjert og rørt med historier frå både vanlege menneske og norske kjendisar frå landet over.

Programmet, med både Tonje Steinsland og Gerhard Helskog framfor kamera, har vunne ei rekkje prisar på Gullruten, i både 2013, 2014, 2016, 2017 og 2018.

– Eg trur ein vanleg tv-sjåar ville blitt overraska over kor mykje arbeid som ligg bak, og kor godt kjent me blir med dei me lagar program om. Mange av dei har me kontakt med i årevis etterpå, seier Steinsland til Medier24, då me møter ho på ein kafé i Bergen, kor ho er invitert for å halda føredrag under Fortellingens kraft-konferansen.

– Må vere der som menneske

Programserien dykkar inn i dei personlege forteljingane, og Steinsland er tydeleg på tanken om at alle har ei historie. Nokre historier er likevel meir dramatiske enn andre, og i vinter skapte programmet overskrifter då Trond Giske (Ap) og kona Haddy N'jie snakka ut etter #metoo-stormen dei har stått i sidan desember 2017.

– Å få folk til å utlevere seg handlar om både arbeidsmetodar og personlege eigenskapar. Ein er nøydd til å vere der som menneske – og møte dei som person, ikkje berre som tv-produsent, seier Steinsland. Ho presiserer at det var dokumentarveteranen Helskog som gjorde mesteparten av arbeidet for å få Giske med på programmet.

Trond Giske og Haddy N'jie fortalde si historie på Vårt lille land etter #metoo-stormen.

– Korleis får de folk til å snakke ut om vanskelege saker?

– Nokre gongar handlar det om å setje seg inn i saka, ha mange samtalar, og gjere veldig grundig research. Andre gongar kan det vere meir avhengig av tillit i første møte, og ikkje like mykje research og fakta. Det må ein grunnleggjande tillit til for at folk skal leggje hjarta på blokka og utlevere seg, seier Steinsland.

Steinsland fortel at redaksjonen aldri har ei fast oppskrift dei følgjer for å bevare både dramaturgi og spenning, men at dei har eitt viktig premiss for alle programma dei lagar.

– Det premissen skal kunne forklare forteljinga i maks tre-fire setningar. Det jobbar me mykje med. Det må definere historia og få bort alt som ikkje skal med, seier ho.

Tek to månadar å lage eitt program

Hausten 2016 varsla TV 2 at omfattande kutt gjorde at Vårt lille land tok eitt års pause frå tv-skjermen. Då det kom tilbake, året etter, var programlengda halvert frå 60 minuttar til 30 minuttar i kommersiell tv-tid.

Steinsland trur likevel sjåarane ville blitt overraska over arbeidsmengda som ligg bak kvart program.

– Det å lage tv er ein veldig arbeidskrevjande prosess samanlikna med mykje anna. Radio- og skrivande journalistar får seg ofte eit sjokk, seier Steinsland, og held fram:

– Eit vanleg Vårt lille land-program tek det om lag to månadar å lage.

Og blant det viktigaste med kvart program: Det skal vere fritt for klisjéar. Det var noko av det første redaksjonen var einige om.

Her får «Vårt Lille land» Gullruten 2013 for «Beste dokumentar- og faktaserie». Programleiarane Tonje Steinsland og Gerhard Helskog i front.

– Det er enormt me fallgruver når ein jobbar med slike program. Klisjear til dømes. Me er jo vant til å sjå menneskehistorier – vekeblada er fulle av dei, med alle desse «Fekk kreft, no er eg lukkelegare enn noko sinne»-sakene. Å klare å fortelje historiene på ein sann, men original, måte – slik at det ikkje vert opplevd som ein klisjé – er viktig. Den raude klisjévarselet har me på heile tida, seier ho.

– Er det for mange klisjéhistorier i norsk presse?

– Ja. Spesielt i journalistikk som handlar om livet. Me må stille same krav til ektheit i desse sakene som når me fortel andre historier. Med ein gong det handlar om livet er det kanskje enklare å falle i klisjé-fallgruva.

– Kan ikkje marknadsføre seg sjølv

Dei største utfordringane, når ein intervjuar dei medievante – og kjente personane, er å dra dei ut av komfortsona, for å styre unna dei innøvde frasane som skummar overflata.

– I samtalar me gjer i Vårt lille land kan du ikkje sitje og marknadsføre deg sjølv. Du må vere ekte. Måten du har lærd deg å stå fram på tv må bort. Det kan vere ein vanskeleg prosess for nokon, seier Steinsland.

Tonje Steinsland i Vårt Lille Land.

– Kva er enklast av den medievante og den ikkje-medievante?

– Dei som aldri har vore på tv før er enklast. Dei har ikkje ei tillært måte å vere framføre kamera på. Den tillærte og medievante personen er det vanskeleg å få til å prate på ordentleg. Dei må jobbast mykje meir med.

Powered by Labrador CMS