Sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2.

TV 2 varslar meir kritisk sports­journalistikk: - Me skal setje dags­orden

– Norsk idrett representerer mykje av det beste av det beste, men òg noko av det verste av det verste. Me må kunne fortelje begge historiene, seier Vegard Jansen Hagen, sportsredaktør i TV 2.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

TV 2 Sporten har gjennom allmennkringkastaroppdraget fått midlar øyremerkja to journaliststillingar til sportsredaksjonen.

I stillingsannonsen opplyser TV 2 at dei søkjer «nyheitsjegerar», og at både idretten og sportsjournalistikken er i stadig endring.

No fortel redaktør Vegard Jansen Hagen at dei skal satse på meir kritisk sportsjournalistikk, som både VG ved Leif Welhaven og Josimar-redaksjonssjef Håvard Melnæs har etterlyst meir av.

– Må sørgje for å ikkje verta irrelevant

– Det er to stillingar gjennom allmenkringkastaroppdraget som er øyremerkja undersøkjande journalistikk innan sport. Me ser – som me skriv i utlysinga – at idretten er i endring. Det er sportsjournalistikken også – heldigvis, seier Jansen Hagen, og følgjer opp:

– Det tek me konsekvensen av, og bemannar opp med to friske stillingar som ikkje skal bli slukt av rettane våre, men som skal jobbe fritt, uavhengig, kritisk og setje dagsorden.

– Har de vore for opphengt i rettane, og gløymd anna viktig sportsjournalistikk?

– Eg trur nok det er ei konstant utfordring for ein redaksjon som TV 2 Sporten. Det handlar om tyngdekrafta som sit i rettane og ynsket om å skape merksemd rundt det. Likevel vil dei fleste bli overraska over kor levande og engasjert denne debatten er i TV 2 Sporten-redaksjonen. Ein vil alltid ha ein balanse mellom eigne rettar, men samstundes sørgje for at ein òg har den andre journalistikken som gjer at ein ikkje vert irrelevant. Om ein utelukkande satsar på eine rettar, malar ein seg inn i eit hjørne kor ein berre har seg sjølv, seier Jansen Hagen.

– Eit vegskilje

Kommentator og nyheitsleiar i VG Sporten, Leif Welhaven, uttrykte tidlegare i november at sportspressa har vore for servile i møte med pengane og makta som ligg i både norsk og internasjonal idrett.

Det same sa Melnæs i Josimar, som var tydeleg på at norske sportsjournalistar ikkje har gjort jobben sin, og at det i stor grad har bidrege til ukultur blant idrettspampane.

– Var det på tide at de tok denne satsinga, Jansen Hagen?

– Ein kunne godt tenkje at ein ville hatt det for lenge sidan, for så vidt, men eg er utruleg glad for at det skjer no. Det skal vere ei vilje til å satse på denne sportsjournalistikken. Det vert eit vegskilje, seier han.

– Norsk sportsjournalistikk viser teikn til framgang. Det tykkjer eg mange redaksjonar gjer, men det stadig er det berre glimtvis og ein liten flik av det store potensialet som ligg innanfor dette området. Om du ser kor viktig idrett er for nordmenn, og kor stor del av samfunnet dette opptek, meiner eg den fortener ei kritisk og undersøkjande presse, legg han til.

Våren 2016 byrja VG det journalistiske prosjektet «Nådeløs åpenhet», kor dei gjekk idrettsforbunda i saumane og avdekte store beløp brukt på «tant og fjas» ved å systematisk skaffe innsyn i reiserekningar. Prosjektet gav dei Skup-diplom våren 2017.

– Honnør til VG

Artiklane skapte stor debatt i idrettsnorge om pengebruken til NIF, som i stor grad er finansiert av det offentlege og frivillige i breiddeidretten.

– Det er viktig at det ikkje berre vert «vaffelhjarte mot vinflaskene». Norsk idrett representerer mykje av det beste av det beste, men òg noko av det verste av det verste. Me må kunne fortelje begge historiene, og avdekkje kritikkverdige forhold. Samstundes må me kunne fortelje andre historier som er av stor verdi for det norske samfunnet, seier Jansen Hagen.

– Det skal ikkje framstillast som om alle reiser for å sko seg på fellesskapet si rekning og smør seg inn i ribbefeitt. Det må vere ein balansegang der, legg han til.

– Har VG sitt arbeid vore til inspirasjon for dykk?

- All god journalistikk er god inspirasjon. Dei har stått for god inspirasjon i fleire år. All honnør til dei, og dei gir heile bransjen ein dytt. Eg meiner det er fleire redaksjonar som viser glimt, og VG har sett det mest i system. Og så skal me finne vårt virkeområde. Me skal ikkje nødvendigvis gå i same spor – det er fleire område kor me kan markere oss. Både lineært og digitalt, seier han.

Powered by Labrador CMS