Skup avlyser konferansen: – Me er veldig lei oss

– Skup-prisen 2019 vil bli delt ut, men styret må få komma tilbake til når og på kva måte utdelinga skal skje, seier Skup-leiar Silje S. Skiphamn.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det skriv Skup i ei pressemelding tysdag kveld.

Det skjer på bakgrunn av Folkehelseinstituttet si oppmoding om å utsetja eller avlysa alle arrangement med meir enn 500 til stades.

Kommuneoverlege Sigmund Skei ber dermed Skup om å avlysa, seier han til Medier24, berre minuttar før Skup sjølv sender ut pressemelding.

– Me er veldig lei oss for at me ikkje kan gjennomføra SKUP-konferansen, som me veit at mange har gleda seg til, seier SKUP-leiar Silje S. Skiphamn i pressemeldinga.

– Skup-prisen 2019 vil bli delt ut, men styret må få komma tilbake til når og på kva måte utdelinga skal skje, seier Skiphamn vidare.

Kommuneoverlege Skei seier han har hatt løpande dialog med Skup, og peiker på at Skup sine estimat på 600-700 deltakarar er godt over det FHI anbefaler på 500, seier han

– FHI seier 500 personar no, og grensa vil nok gå ned til 300 etter kvart, og til slutt endå lenger ned.

Difor er hans anbefaling å utsetja, seier han.

– No er det nærmast ein eksponentiell auke i talet koronasmitta i Norge. Det går rett i taket, så difor gjer FHI slike tiltak når smitta vert meir utbreitt.

Allereie måndag bestemte Amedia og Polaris seg for å droppa arrangementet.

Powered by Labrador CMS