Samisk flagg, her på balkong på Oppsal i Oslo i forbindelse med at Sametinget fyller 100 år.

34 millionar til samiske aviser: Sjå fordelinga her

Den samiske avisa SÁMI ođasmagasiidna fekk avslag på sin søknad og har klaga på vedtaket.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Dei fire avisene Avvir, Sagat, Snåsningen og Lokalavisen Nordsalten fekk til saman 33,77 millionar kroner i støtte i år. Det er ein auke på fem millionar kroner frå året før, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

Her er fordelinga: 

  • Avvir: 18,81 millionar
  • Sagat: 13,6 millionar kroner.
  • Snåsningen 625 968 kroner (for innstikk på sørsamisk)
  • Lokalavisen Nordsalten fekk 725 427 kroner (for innstikk på lulesamisk).

Medietilsynet fekk òg ein søknad om tilskott frå den samiske avisa SÁMI ođasmagasiidna, men etter ei vurdering kytt til opplag fann Medietilsynet at opplaget til avisa var lågare enn minstekravet på 750 eksemplar og avslo difor søknaden, skriv dei i meldinga. 

Avisa har klaga på vedtaket, og klaga er ikkje ferdigbehandla hos Medietilsynet. 

Powered by Labrador CMS