Organisasjons- og kommunikasjonsleiar i Rosenborg, Trond Alstad.
Organisasjons- og kommunikasjonsleiar i Rosenborg, Trond Alstad.

PR-sjefen i Rosenborg etter Brann-bråket: – Går du i krig med media, tapar du

Rosenborg Ballklub meiner det er viktig med eit godt forhold til media. Adresseavisen er nøgd med openheita til klubben.

Publisert

Dei to siste vekene har Medier24 skrive fleire saker om forholdet mellom SK Brann og lokalmedia på vestlandet, spesielt Bergens Tidende (BT).

Brann-trenar Lars Arne Nilsen kalla BT si Brann-dekning «uredeleg og spekulativ». Same veke sende fire bergensmedier eit felles opprop til klubben der dei bad om betre arbeidsforhold for journalistane.

Trond Alstad, leiar for strategi, organisasjon, kommunikasjon og samfunnsansvar i RBK, er klår på at dei er nøydd til å opne seg for å trekkje til seg tilskodarar.

– Me må leggje til rette for media. Me erkjenner at me er i underhaldningsbransjen, og det er kamp om merksemda. Me må gjere oss lekre, må by på oss sjølv og stille opp. Me må sørgje for at media har interesse for oss, spelarar, klubben, kampar og så vidare, seier han.

Medan bergensmediene opplever eit stadig meir lukka Brann, får Rosenborg ros for openheit av Adresseavisen.

Stein Slettebak Wangen, sportssjef i Adresseavisen.
Stein Slettebak Wangen, sportssjef i Adresseavisen.

– Rosenborg har stor grad av openheit. Eg tykkjer me har god tilgang til spelarar, treningar og leiarar i Rosenborg.

Det seier sportsredaktør i avisa, Stein Slettebak Wangen.

Skal me tru både RBK og Adressa, er forholdet langt betre mellom Adresseavisen og Rosenborg.

– Me opplever ingenting som liknar på det tullet dei held på med i Bergen. Frå tid til annan er det spenningar mellom Adressa og RBK, og det er ikkje alt dei ynskjer å dele med oss. Det har eg forståing for, men elles er det stor grad av openheit, legg Slettebak Wangen til.

 

Rolleforståing

Alstad tykkjer openheit er viktig for å trekkje til seg merksemd, men er likevel tydeleg på at avisa ikkje er eit «informasjonsorgan» for klubben.

– Dersom me ikkje legg til rette for media, vert me som ein kva som helst anna klubb. Det har ein betydeleg kommersiell verdi at me er i media og byr på oss sjølv kvar dag. Det kan vere mange saker der me er ueinig i det media skriv, men det er deira rolle, legg han til.

Han får støtte av dagleg leiar i Rosenborg, Tove Moe Dyrhaug:

– Det er heilt klart kjempeviktig for oss, som medlemsklubb, å vere opne. Openheit er ein av verdiane til klubben, og me har veldig mange folk i regionen som bryr seg om oss.

– Me er sjølvsagt ikkje alltid einig i media si dekning, men det er viktig å forstå deira rolle. Og så må dei forstå oss.

Dagleg leiar i Rosenborg Ballklub, Tove Moe Dyrhaug.
Dagleg leiar i Rosenborg Ballklub, Tove Moe Dyrhaug.

 Saka held fram under biletet.

 

Tumultar med eks-trenar

Det har likevel ikkje alltid vore roseraudt mellom RBK og Adresseavisen. Klubben sin tidlegare trenar, Kåre Ingebrigtsen, har ved fleire høver reagert på RBK-dekninga til Adressa.

Berre dagar før han fekk sparken, 19. juli, vart han tydeleg provosert av eit spørsmål på pressekonferansen i forkant av Champions League-møtet med islandske Valur, ifølgje Eurosport.

Nyleg opplevde dei òg at styreleiar Ivar Koteng ikkje ville svare på spørsmål.

– Me hadde eit par små episodar, ein med Kåre var forbanna på oss, og ein episode der styreleiar Ivar Koteng ikkje ynskja å kommentere ei sak. Men det er ein del av spelet, og det må me akspetera frå tid til annan. Det har med rolleforståing å gjere. Me må akseptera at me ikkje kan få tilgang til trenarar og styret eller kven det måtte vere 24/7, seier Slettebak Wangen.

 

– Aldri likt press på spelarane

Alstad seier likevel til Medier24 at det ikkje er rom for å køyre «sololøp» overfor pressa i Rosenborg.

– Det er klubben som styrer dette, og så må det vere ei klår forståing mellom trenar og klubb med kva ein gjer. Det kan ikkje vere opp til enkeltpersonar å boikotte eller ikkje, seier han.

Vidare seier han:

– Går du i krig med media, så tapar du den krigen.

På spørsmål om Rosenborg kunne lagt liknande føringar som Brann gjorde i forkant av seriefinalen på Brann Stadion 28. oktober, der dei gjorde spelarar utilgjengelege, svarar Moe Dyrhaug:

– Ein kan seie at me alltid stiller opp, men ein av og til må ein sjølvsagt skjerme enkeltspelarar. Der vert aldri eit likt press på spelarane, så av slike årsaker kan me gjere restriksjonar, men generelt er det viktig for oss å stille opp, seier ho.

 

Sterkt kritisk til Brann

RBK ynskjer ikkje å kommentere på Brann sin mediepolitikk, men Slettebak Wangen i Adresseavisen er ikkje nådelaus.

– Det er ei heilt ukjent verd for oss, og verkar meiningslaust. VG-kommentator Welhaven har ytra seg på eksemplarisk vis om det. Eg har ingen forståing for Brann si mediehandtering, seier han.

Han gjentek at det ikkje alltid har vore like enkelt å dekke Rosenborg.

– For eit par sidan, då Perry var trenar, hang dei opp svarte sekkar for å skjule treninga. Det var latterleg, og parodisk. Men no har me god tilgang, seier han.

Powered by Labrador CMS