Polaris Media må permittera tilsette

– Det er dramatisk det som skjer, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Administrerande direktør Per Axel Koch i Polaris Media seier til Medier24 at lokalaviskonsernet må permittera tilsette i løpet av neste veke.

Det skjer på bakgrunn av dei økonomiske konsekvensane som følgje av koronaepidemien.

– Me har dialog og drøftingar med tillitsvalde. I løpet av neste veke vil det bli permitteringar, seier Koch til Medier24.

Annonseinntektene sviktar

Førebels kan han ikkje seia kva mediehus, kor mange, og kva stillingar som vil bli permittert.

Polaris er blant dei største mediekonserna i Skandinavia, og består av 48 lokale og regionale mediehus i Norge og Sverige, i tillegg til fem tilknytt mediehus.

Konsernet eig aviser som Adresseavisen, iTromsø, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Fædrelandsvennen i tillegg til ei rekkje andre mindre lokalaviser, trykkeri- og distribusjonsselskap.

Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.

Koronaepidemien har skapt stor uro for norsk og internasjonal økonomi. Børsane er i fritt fall, Nav melder om 84.000 fleire arbeidsledige siste veke og regjeringa går inn med minst 100 milliardar i krisepakke til næringslivet.

Polaris sin aksjeverdi er redusert med ein fjerdedel sidan 11. februar i år, og verdien på selskapet har med det falt 469 millionar kroner på ein dryg månad.

– Det er dramatisk det som skjer, seier Koch om dagens korona-situasjon.

– Annonseinntektene fell veldig mykje. Når samfunnet er stengt ned, er det klart det blir mykje mindre annonsering. No er spørsmålet kor mykje, seier han vidare.

 

Tilsette er uroa

Konserntillistvald Rune Setsaas i Polaris Media seier til Medier24 at tilsette er uroa – spesielt seljarane i konsernet.

Konserntillitsvald Rune Setsaas i Polaris Media.

– Alle er uroa, men det er salsavdelingane som har merka den dramatiske endringa. Fleire mediehus ser at annonsekundane har forsvunne heilt, så det er ikkje tvil om at det er den biten som skapar mest uro, seier han.

Setsaas har beden konsernleiinga snu kvar stein for å unngå permitteringar, og at han håpar selskapet kan sjå på moglegheiter for kompetanseheving i den situasjonen mediekonsernet står i.

– Når ein no skal permittera, kva funksjonar bør ein freda i første omgang?

– Det er ikkje tvil om at den redaksjonelle biten har ein enorm samfunnsnytte i form av informasjonsbehovet som er der ute i dag. Det er ikkje bra å permittera, men når me er i den ekstremt spesielle situasjonen skjønar eg at det må tiltak til. Om ein først må gjera det, er det i redaksjonen det er mest behov for folk, seier Setsaas.

 

Kan sløyfa utbyte

Polaris presiserer at konsernet har ein solid «buffer», og er betre rusta til å handtera den økonomiske nedgangen enn andre selskap. Polaris Media gjekk inn i 2020 med 324 millionar kroner i likvide midlar i banken.

Styreleiar Torry Pedersen i Polaris Media.

Vidare peiker Koch på at mediehusa si samfunnsrolle har aldri vore viktigare, og at dei opplever høge trafikktal.

– Redaksjonelt har det aldri gått betre, og me speler ei fantastisk viktig rolle – både i Norge og Sverige, seier Koch.

Medier24 skreiv tysdag at koronaviruset kan stoppa Polaris-utbyte på 85 millionar kroner. Det stadfesta styreleiar Torry Pedersen overfor medier24.

Polaris omsette i 2019 for 2,3 milliardar kroner og fekk eit resultat på 144 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS