I september vart det kjent at Polaris Media og Agderposten Medier kjøper Schibsted-avisene Fædrelandsvennen, Lindesnes Avis, Lister og Søgne og Songdalen Budstikke.
Avisene vil frå 1. januar 2020 inngå i nye Polaris Agder, saman med Agderposten Medier sine aviser Agderposten, Varden, Vennesla Tidende, Lillesands-Posten og Grimstad Adressetidende.
Verdsett til 373 mill. kroner
No har Polaris Media signert endelege transaksjonsavtalar knytt til etablering av det nye regionale mediehuskonsernet Polaris Media Sør, kjem det fram i ei børsmelding.
Der avslører dei samstundes investeringsbeløpet til lokalaviskonsernet som har sin tyngde i Midt-Norge og nordover.
«Det sammenslåtte selskapet er verdsatt til 373 mill., hvorav Polaris Medias investering tilsvarer 51 % av verdien, totalt ~190 mill», står det.
Storinvestering
Konsernsjef Per Axel Koch er nøgd med prisen.
– Det er ikkje ei ubetydeleg investering for oss, men me meiner summen er riktig, og kan handterast gitt dagens situasjon, seier han til Medier24.
Polaris betalte om lag 100 millionar kroner då dei vart hovudeigar i svenske Stampen Media i vår. Dette er dermed det mest investeringstunge året for Polaris sidan kjøpet av Edda-avisene Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke i 2009.
Legg ned avis
Dei åtte nye mediehusa hadde i 2018 eit samla opplag på 104.000, 138.000 daglege lesarar digitalt og 163.000 daglege lesarar på papir. Schibsted sin distribusjon i Vest-Agder og Agderposten sitt trykkeri i Arendal kjem med på kjøpet.
«Transaksjonen vil i utgangspunktet bli finansiert fra eksisterende kontantbeholdning», står det vidare.
Etter transaksjonen vil Polaris Media vera eigar i 58 mediehus – 47 i Norge og 11 i Sverige. Polaris hadde i fjor ein omsetnad på 1,5 milliardar kroner.
I oktober vart det kjent at Schibsted-avisa Søgne og Songdalen Budstikke vert lagt ned.