Ove Mellingen, sjefredaktør i Telemarksavisa.
Ove Mellingen, sjefredaktør i Telemarksavisa.

Telemarksavisa går mot straumen og aukar annonseinntektene: – Folk som jobbar i TA gjer ein jækla god jobb

– Føresetnaden for å drive god journalistikk er å drive god business, seier sjefredaktør Ove Mellingen i Telemarksavisa.

Publisert

Ferske rekneskapstal viser at Amedia-eigde Telemarksavisa i fjor hadde største omsetnadsvekst sidan 2012, då dei auka omsetnaden frå 100,4 millionar kroner i 2017 til 104 millionar kroner i 2018.

Avisa hadde sterk vekst i opplagsinntekter – både digitale- og papirabonnement og laussal – frå 53,6 millionar kroner til 57,4 millionar kroner. Dei hadde òg ein liten auke i annonseinntekter frå 45,2 millionar kroner til 45,6 millionar kroner.

– Norges hardaste aviskonkurranse

– Me er veldig godt nøgd med resultatet. Føresetnaden for å drive god journalistikk er å drive god business, seier sjefredaktør Ove Mellingen til Medier24.

Saka held fram under tabellen.

Telemarksavisa 2018 2017 Endring
Omsetning 104 mill. 100,4 mill. 3.5 %
Driftsresultat 13,7 mill. 9,8 mill. 39.1 %
Resultat før skatt 13,9 mill. 10 mill. 38.5 %
       
Driftsmargin 13.1 % 9.8 % 34.4 %

– Me er veldig glad for at solid innsats frå alle tilsette har gitt ein god økonomi, som me primært skal bruke på å drive endå meir god journalistikk, seier Mellingen vidare.

Og Telemarksavisa er langt frå åleine om verken lesar- eller annonseinntektene i Telemark. I fjor skreiv Medier24 om Mellingen som gjekk frå Bergen til Skien, som følgje av eit 18 år gammalt veddemål om at avisa hans skulle passere Varden i opplag.

– Det er mykje spanande som skjer i Telemarksavisa om dagen. Det er interessant å sjå at det er mogleg å komma så godt ut når me er i Norges hardaste aviskonkurranse – med Varden, seier Mellingen.

Meir av inntektene kjem frå journalistikken

– Er inntektsnedgangen i ferd med å flate ut?

– Eg meiner det slett ikkje er slik at utfordringane er over, og økonomien endrar seg ganske mykje. Meir av inntektene kjem frå journalistikken, og noko mindre frå reklame, seier han.

Han peiker vidare på ei annonseavdeling som har fått pressa mest mogleg ut av reklamemarknaden i Telemark.

Ove Mellingen, sjefredaktør i Telemarksavisa.
Ove Mellingen, sjefredaktør i Telemarksavisa.

– Når me aukar inntektene frå digitale abonnement, og klarar å ta større marknadsandeler frå annonsemarknaden, tyder det på at folk som jobbar i TA gjer ein jækla godt jobb.

Mellingen seier avisa mellom anna har noko innhaldsmarknadsføring, som er med på å komplettere totalproduktet.

– Det digitale produktet slår an

– Korleis ser 2019 ut? Blir det nytt år med vekst?

– Første halvår i 2019 visar at me må kjempe hardt for inntektene og journalistikken vår. Det er veldig mange ting som tydar på at det digitale produktet framleis slår godt an i marknaden.

Selskapet hadde i fjor 36,7 sysselsette årsverk.

Dagleg leiar Jan-Arild Frønes Tveten hadde ei løn på 1,3 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS