Kutlurminister Trine Skei Grande og TV 2-sjef Olav Sandnes signerer avtalen.

Kringkastingsringen meiner TV 2-avtalen har for svake nynorsk-krav

- For såpass mykje pengar burde språkkrava til TV 2 vore tydlegare, seier Guro Kvalnes, leiar i Kringkastingsringen i ei pressemelding.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Som konsekvens av den nye avtalen må også TV 2 skjerpe nynorskbruken. Leiar i Norges Mållag, Magne Aasbrenn er glad for utviklinga som no trolig kjem. 

- Vi er glade for at den nye TV2-avtalen seier tydeleg at TV2 må nytte begge dei to offisielle målformene, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ein pressemelding

Han kommenterer den nye avtalen mellom staten og TV2, og er ikkje nøgd med formuleringa rundt målform i den nye avtalen. Meir om den nye avtalen mellom TV 2 og kulturdepartementet finn du her.  

- Formuleringa om nynorskbruk er likevel så slapp at ho set store krav til TV2 som allmennkringkastar. I søknaden har TV2 vist til at dei har mange nynorsktalande medarbeidarar, og skal dei følgje avtalen, må dei heretter også sleppe nynorsken til i eigen tekstproduksjon. Dette gjeld skjerm-vignettar, teksting av film og nettsida TV2.no, seier han i meldinga. 

I meldinga trekk han fram at det må innebere at TV2 må produsere nynorsk teksting. Slik det er no, er nesten all tekst på TV2 på bokmål, hevdar mållaget. 

Saka et retta: Vi i Medier24 understrekar for ordens skuld at TV2.no ikkje er omfatta av den nye avtalen, sjølv om det står i sitatet fra Aasbrenn. 

– Svak avtale

Aasbrenn får støtte frå leiar i Kringkastingsringen, Guro Kvalnes. 

- For såpass mykje pengar burde språkkrava til TV 2 vore tydlegare, seier Guro Kvalnes, leiar i Kringkastingsringen i ei pressemelding. 

Kvalnes er glad for at avtalen regulerer språkbruk og målform. Mellom anna seier avtalen at ein skal ha minst halvparten av alle program på norsk og at begge målformar må nyttast. Ho meiner likevel at ein kunne vore tydelegare. 

- Det er sjølvsagt bra at det står noko om norsk språk i avtalen, men det er skuffande at den ikkje er meir konkret. Det burde stått noko om at nynorsk skal nyttast i alle programformer og at den skal vera synleg på nettsida. Særleg gjeld dette innhald som er retta mot born og unge, seier Kvalnes i meldinga. 

Ho meiner også at avtalen burde omtalt bruken av samisk språk, noe den ikkje gjer slik han ser ut nå. 

Powered by Labrador CMS