Kenneth Sjøvold, Tobias Bratvold Lucey, Eirin Eriksen Horvei, Elsa Di Valerio og Tore Kjetland Fjeldsbø er årets praktikantar ved Nynorsk Avissenter.
Foto: Nynorsk Avissenter
No er to nye kull i gang – dette er årets nynorskpraktikantar
Både Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter har teke imot eit nytt kull med nynorskpraktikantar denne veka.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Årets nynorskpraktikantar er no komne på plass hos både NRK Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter i Førde.
Ifølgje leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, Rune Fossum Lillevangstu, blir praktikantane der nærmast kasta rett inn i nye oppgåver.
– Det går slag i slag med praktisk opplæring frå første dag. Allereie andre veka skal dei levere ein reportasje, som kan bli sendt på lufta, seier Lillesvangstu til NRK Nynorsk Mediesenter sin eigen nettstad.
Slik er det og for praktikantane ved Nynorsk Avissenter, fortel dagleg leiar Ingunn Osland.
– Vi er i gang. Og allereie før veka er omme skal dei ha levert sine første tekstar, om alt går etter planen, seier Osland.
Som følge av dataangrepet på Amedia 28. desember er ikkje alle systema ved avissenteret på plass enno.
– Vi justerer litt undervegs, og satsar på at ting ordnar seg så fort som mogleg, seier Osland.
Ved NRK Nynorsk Mediesenter er Ingrid Gulbrandsen Årdal, Kasper Valestrand, Kristina Kassab Liland, Oda Flaten Lødemell og Ingeborg Grindheim Slinde årets praktikantar.
Hjå Nynorsk Avissenter utgjer Kenneth Sjøvold, Tobias Bratvold Lucey, Eirin Eriksen Horvei, Elsa Di Valerio og Tore Kjetland Fjeldsbø kullet som er nummer 18 i rekka.