NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen.
NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen.

NRK slo tilbake – greidde nynorskkravet i 2021

– I 2020 sa eg at me måtte skjerpa oss, og det har me gjort, seier Thor Gjermund Eriksen.

Publisert

I 2020 nådde ikkje NRK kravet om at 25 prosent av innhaldet dei publiserer skal vere på nynorsk.

I 2021 klarte dei igjen å innfri kravet. Det er kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen særs godt nøgd med.

– I 2020 sa eg at me måtte skjerpa oss, og det har me gjort. Eg er svært glad for at me no oppfyller kravet og dermed gjer ein god og viktig jobb for norsk språk, seier kringkastingssjef Eriksen til NRK.

TV-kanalen NRK2 har størst nynorskdel med 32,2 prosent. NRK 3, NRK Super og radiokanalen NRK P1 ligg ikkje langt bak.

Kravet tiI 2019 oppfylte NRK nynorskkravet for fyrste gong, trass at kravet blei innført for meir enn 50 år sidan.

– Dette er utruleg viktig. Eg tykkjer faktisk det er litt flaut at vi ikkje har fått det til før, sa kringkastingssjef Eriksen då.

Powered by Labrador CMS