NRK på Marienlyst.

Teolog trudde han skulle intervjuast av NRK – vart møtt av Satiriks. No føler han seg lurt

Sjelesørgjar for homofile, Jens Fredrik Brenne, snudde i døra på Marienlyst.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er den kristne dagsavisa Dagen som tysdag skriv om leiar av Til Helhet, Jens Fredrik Brenne, som trudde han skulle intervjuast av ein NRK-journalist om homofili er eit resultat av arv eller miljø.

Då han dukka opp på Marienlyst fekk han vete at det var komikarane i Satiriks som skulle intervjue han.

– Det var ikkje aktuelt, så då trakk eg meg frå intervjuet. Eg snakkar mykje med folk, men då må det baserast på gjensidig respekt, seier Brenne til Dagen.

Til Helhet er ein organisasjon som, ifølgje nettsidene deira, kan «bistå deg som har en – for deg – uønsket seksuell orientering eller følelser (lesbiske/ homofile følelser/ transseksualitet e.a.), og som selv ønsker hjelp i prosessen med å finne en annen vei i dette.»

Stig Morten Lorentzen Vaage, prosjektleiar i NRK Satirisk, stadfestar overfor avisa at dei ikkje informerte Brenne på førehand. Han avviser likevel at innslaget ville blitt vist mot Brennes vilje.

– Når me lagar slike program er eit poeng at dei ikkje skal vite om det på førehand. Nokre gongar fortel me det til folk, andre gongar ikkje, seier Lorentzen Vaage til avisa.

Powered by Labrador CMS