Ståle Winterkjær fikk prisen for årets klubbleder i NJ.

Ståle Winterkjær er Årets klubbleiar

Klubbleiar i Mastiff, Ståle Winterkjær, vart hedra under NJs konferanse for tillitsvalde.

Publisert Sist oppdatert

Årets klubbleiar vert utdelt til Ståle Winterkjær (Mastiff) under Norsk Journalistlag sin store konferanse for tillitsvalde, NJ Styrkeløft, i Oslo.

Juryen skriv blant anna følgjande i si grunngjeving:

Det å vere tillitsvald betyr å gjere mykje ein eigentleg ikkje kan. Du er ein klok samtalepartnar i tjukt og tynt – utan å vere psykolog. Du må av og til gje arbeidsrettslege råd – utan å vere advokat. Du skal støtte medlemmar som opplever sjukdom og kriser og treng hjelp til å forstå rettane sine – utan å vere sosionom.

At nokon tek på seg vervet som klubbleiar og er villig til å gjere desse oppgåvene eit godt stykkje utanfor eigen journalistiske kjernekompetanse, er utruleg viktig.

Når innkalling til drøftingsmøte dukkar opp i innboksen og du veit at jobben er i spel ... Når du sit der med sjefen på andre sida av bordet og får beskjed om at du ikkje er innplassert ... Når du opnar postkassa og finn brevet med oppseiinga ...

Det er då du kan prise deg lukkeleg over å ha ein terrier som klubbleiar. Ein som får med seg kva som blir sagt i møta når hovudet er heilt kaos, ein som stiller dei kritiske spørsmåla, ein som forsikrar at for fagforeininga treng du korkje å vere flink eller populær, det held å vere medlem for at NJ står på for deg, ja, ein klubbleiar som føl deg heilt inn i rettssalen om naudsynt.

Men aller best: ein som får det til å gå over. Får deg til å tru på deg sjølv igjen, når du eigentleg har gitt opp. Ein som får deg til å stå løpet ut, når du ikkje har krefter att. Ein som er både sta og stødig, og som gjer at du står oppreist i stormen. Og i nokre tilfelle: ein som syter for at du får behalde jobben.

Årets klubbleiar har vore NJ-medlem sidan 2004 og har vore der for kollegaene sine gjennom fleire verv i klubben. Kort tid etter opprykket frå nestleiar til leiar i vår, kom den dramatiske meldinga om at «TV2 hjelper deg» skulle bli eit reint nettkonsept.

Det fekk store konsekvensar for dei 25 i redaksjonen i produksjonsselskapet som lagar programmet. Både mellombelse og fast tilsette var i faresona og både sluttpakkar og oppseiingar kom på bordet. Klubbleiaren måtte ta på seg viktige roller i spennet mellom samtaleterapeut og tøff forhandlar.

Årets klubbleiar greidde det heilt strålande. Han sytte for at medlemmar som heldt på å gi etter for arbeidsgjevaren sitt press, orka å stå i det, tok opp kampen og er i jobb i redaksjonen i dag. Og som peikar på klubbleiaren sin som heilt avgjerande for at det enda godt.

Powered by Labrador CMS