Denne veka er tv-toppar frå heile verda samla for generalforsamlinga til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i Oslo, kor NRK er vertskap.
Torsdag var Netflix-sjef Reed Hastings invitert for å bli intervjua på scena – på éin føresetnad: At samtalen ikkje vart kringkasta eller referert til i media.
I løpet av den om lag 45 minuttar lange seansen rosa han NRK fleire gongar.
– NRK har gjort ein fantastisk jobb med NRK TV og appen. Det er enkelt å bruke, har variert og nytt innhald, tenkjer app først, og appen fungerer både på liten og stor skjerm, sa Netflix-sjefen.
– Dagens skjermar er meir fleksible enn tidlegare, og du kan lage mykje bra innhald til den, haldt han fram.
Eriksen: – Trur han meiner det!
Det var ein blid, men stressa, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i NRK som møtte Medier24 under møtet torsdag.
– Eg trur faktisk han meiner det, seier Thor Gjermund Eriksen til Medier24 om Netflix-rosen.
Han haldt fram:
– Eg hadde eit møte med han i går, han vitja NRK i halvannan time, og me er blant kringkastarane som har klart å endre oss til den nye konkurransen.
– Han nemnde både avspelaren, innhaldet og korleis me har jobba med rettar. I Noreg er Netflix store, men der er NRK òg.
Lengre levetid
Vidare meinte han det er viktig at seriar, dokumentarar og filmar har lenger levetid på nett typiske sju og 30 dagar.
– For seks år sidan fann NRK ut at dei var nøydd til å la episodane liggje ute lenger enn 7 og 30 dagar. Dei forhandla bra for å få halda lenger på rettane, sa Hastings.
Dei lydhøyre tv-toppane var òg interessert i å høyre om korleis Netflix steller seg til konkurransen frå allmennkringkastarane. Han tykkjer det er rom for meir samarbeid.
– Alle allmennkringkastarane bør vere i stand til å vinne sjåarar på same måte som me gjer. Då kan me jobbe saman på fleire territorium. Netlix si rolle for dykk kan vere å samarbeide på produksjonen – og å ta innhaldet ut av landet i produksjonen, så tilbake igjen, sa han.
Han vart òg spurd om kva planar Netflix har med dei nye produksjonslokala sine, som dei til dømes nyleg opna i London.
– Me skal ikkje utkonkurrere lokale program i 100 land. Det er verken realistisk eller noko me har planar om. Ekte lokale program kjem til å vere best på det, sa Hastings.
Eriksen er open for meir samarbeid, seier han, men med klare avgrensingar:
– Eg er positiv til det, men det er nokre heilt klare rammer for det. Me er opptekne av publikum i Noreg, så me kan godt samarbeide med Netflix, men då må me ha eksklusive rettar i Noreg, og så får dei ta seg av resten av verda.
Den nye operaen?
Hastings meiner tv-bransjen har ei stor utfordring når det kjem til å halda på sjåarane og ikkje lekke til alternativ underhaldning.
– Me i tv-bransjen har alle same ambisjonar om å lage dei beste filmane mogleg. Og så har me den andre verda med Fortnite, dataspel og YouTube som er i stadig vekst.
– Faren er at me fokuserer på kven som gjer kva. Me må både lage betre innhald og bli betre på å kommunisere kva me gjer. Me må unngå å bli «den nye operaen». Det er ei fare for at film vert erstatta av alternativ underhaldning.
– Tåpeleg referatforbod
Kringkastingssjef Eriksen forstår lite av Netflix sitt krav om referatforbod.
– Det tykkjer eg ingenting om. Det er tåpeleg, og det har eg sagt til alle, så de får skrive det de vil skrive. Fortel om det du har lyst til. Det er mi oppfordring.