Tidlegare NTB-sjef hardt ut mot lokalavis: – Stolar ikkje lenger på dei

– Dei beveger seg ut i grensa for kva dei kan stå inne for reint integritetsmessig, seier Pål Bjerketvedt. Redaktør Pål Enghaug i Moss Avis meiner Bjerketvedt generaliserer.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Måndag rant det over for tidlegare sjefredaktør Pål Bjerketvedt i NTB då han las lokalavisa Moss Avis.

Etter ei dobbeltside med ikkje mindre enn tre bustadsaker retter Bjerketvedt, som no er generalsekretær i Norges Fotballforbund, krass kritikk mot sin tidlegare arbeidsgjevar på Facebook.

– Eg tykkjer Moss Avis, som éi av mange andre aviser, er i ferd med å viska ut grensene mellom kva som er annonsar og redaksjonell journalistikk, seier Bjerketvedt til Medier24.

– Sakene utløyser mange spørsmål

I dei to mindre sakene skriv Moss Avis høvesvis om «Strandeiendom til salgs i Son setter ny prisrekord» og «Helt spesiell hytte på Jeløy til salgs». Hovudsaka handlar om ein bustad som gjekk for 9.3 millionar kroner, 800.000 kroner over takst.

I Facebook-innlegget skriv han:

«Verst er saken over to spalter til høyre i bildet. En sak om en hytte til salgs på Jeløy. Jeg siterer fra teksten: «helt unik», «ferieperle», «en helt spesiell hytte», «vi har hentet ut det maksimale», «sju sengeplasser», «full utsikt over sjøen når man står opp». Hytta ligger riktignok i vannkanten (som tusenvis av andre hytter langs Oslofjorden). Men den er 28 kvm stor (liten), ligger østvendt med solnedgang allerede ved 19-tiden og har et gammelt enkelt sjøbodinteriør. "Helt unik"?»

Redaktør og dagleg leiar Pål Enghaug i Moss Avis er ikkje samd i kritikken som kjem frå Bjerketvedt.

– Me skriv om utviklinga i eigedomsprisane og bustadmarknaden i Moss-regionen, og brukar då ulike kjelder på det. Det tykkjer eg er heilt uproblematisk, seier han.

Bjerketvedt var sjefredaktør og administrerande direktør i NTB frå 2004 til 2016, og var før det redaktør i Gjengangeren, Avisenes Pressebyrå, Østlandets Blad og Østlendingen. Han jobba også i Moss Avis frå 1985 til 1993.

Saka held fram under biletet.

I sitt Facebook-innlegg skriv Bjerketvedt vidare:

Dobbeltside i Moss Avis måndag 4. mai.

«Som tidligere redaktør og mediemann blir jeg bare trist av at redaksjonsledelsen i Moss Avis kan forsvare denne "journalistikken". Saker som dette (som avisen har mange av) utløser i mitt hode en lang rekke spørsmål, som for eksempel: Hvilke redaksjonelle prinsipper bygger denne saken på? Hvorfor mener Moss Avis at denne saken er viktig for meg? Hvem har initiert saken? Hvem har tilrettelagt for et intervju med eier, som med nevnte superlativer uttaler seg om sin egen salgsklare hytte?»

– Heilt ukritisk

Bjerketvedt sparar ikkje på krutet når han skriv at han ikkje lenger stolar på avisa som følgje av «reklamesaker» frå meklarbransjen som han meiner sår tvil om avisa sin journalistiske integritet.

«Jeg stoler ikke lenger på avisen. Til stadighet spør jeg meg selv hvorfor Moss Avis prioriterer den og den saken, ikke bare eiendomssaker», skriv han.

Avslutningsvis oppmodar han også om å henga opp Ver Varsam-plakaten i redaksjonslokala.

Store deler av kapittel to i plakaten omfattar grensene mellom journalistikk og reklame, og i punkt 2.6 heiter det mellom anna:

«Svekk aldri det klare skiljet mellom journalistikk og reklame. Det skal vere openbert for publikum kva som er kommersielt innhald.»

Generalsekretær i Norges Fotballforbund Pål Bjerketvedt på Ullevål stadion.

– Eg meiner dei beveger seg ut i grensa for kva dei kan stå inne for reint integritetsmessig, seier han.

– Hovudsaka er ei sak om utviklinga i marknaden, med eit ferskt sal som «case», men dei har også intervjua Nejra Macic og Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret. Kva er ille med det?

– Det er summen. Det kan godt vera at den saka er grei isolert, men volumet, og den til tider store merksemda rundt bustad-stoff. I hyttesaka til høgre finn ein, heilt ukritisk, omgrep me kjenner igjen frå annonsar, seier han.

 

– Kan sikkert bli meir kritiske

Enghaug i Moss Avis tykkjer det er synd at Bjerketvedt ikkje lenger stolar på lokalavisa.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Pål Enghaug i Moss Avis.

– At han plukkar opp éi sak han meiner er beklageleg, med ord og vendingar han ikkje likar, generaliserer utover det og seier han ikkje lenger stolar på Moss Avis meiner eg er å trekka det litt langt, seier han.

– Det er trist at han ikkje har tillit til ei avis han tidlegare var redaksjonssjef i – men opplaget vårt aukar, og me får stadig fleire kundar. No har me fleire digitale- enn papirabonnentar, så om han ikkje har tillit til gamle arbeidsplass, har mange andre i regionen det, seier Enghaug.

Enghaug avviser at sakene kjem etter innsal av meklarane. Likevel presiserer han:

– Me kan sikkert bli flinkare til å bli meir kritiske med korleis me formulerer oss og kva me legg inn i sakene. Men slike vurderingar tek me heile tida.

Powered by Labrador CMS