– Eg såg dette på nært hald, og opplevde det som ein kulturkollisjon. Dei som representerte NHST i Morgenbladet sitt styre likte avisa og ville det beste, men forstod aldri korleis Morgenbladet vart produktet det er, seier ho til Medier24.
– Svikta ein del ideal
Gravdal slutta i avisa etter ein djuptgåande konflikt mellom redaksjonsklubben og leiinga i fjor, då Morgenbladet kutta åtte millionar kroner og opna for sluttpakkar.
NHST kjøpte 49 prosent av Morgenbladet i 2012, og tok kontroll over avisa fire år seinare.
Om kva som har gått gale, seier Gravdal:
– Me var ikkje ein puslete humaniora-gjeng som motsette oss styring, medan corporate-folka veit korleis det skal gjerast. Eg trur NHST svikta ein del ideal dei i festtalane sverja til. Dei knakk ikkje koden i Morgenbladet, og så satsa dei på éin hest, som ikkje hadde tillit i staben. Og så malte dei seg opp i eit hjørne. Det ville vore umogleg for NHST å vinna att tilliten i Morgenbladet etter konflikten i fjor, seier Gravdal, og peiker mellom anna på mistilliten mot tidlegare sjefredaktør Anna B. Jenssen.
Gravdal er no forfattar og frilansjournalist.
– Naturlege spenningar
Professor i medieøkonomi ved Handelshøgskolen BI, Erik Wilberg, forstår at det kan ha oppstått eit kulturkrasj mellom NHST og Morgenbladet.
– Når eit mediekonsern tek over meiningssterke journalistar som går ut og meiner i hytt og vær, og vil få dette inn i meir strigla og ordna former, blir det krasj mellom børs og katedral. Dette er ein del av bransjens naturlege spenningar. Det må vera friksjon og varmgang i ein redaksjon for at den skal fungera godt, seier han.
Trygve Aas Olsen, tidlegare redaktør i fagbladet Journalisten, redaksjonssjef for Etterbørs-avdelinga i Dagens Næringsliv og no fagmedarbeidar i Institutt for Journalistikk, er ikkje like sikker på om kulturskilnadane ville blitt løfta fram dersom det gjekk bra med avisa.
– Dei var kanskje ikkje heilt kompatible, men dette er slik som vert drege fram i dårlege tider. Om det hadde vore oppgangstider er eg sikker på at ingen i Morgenbladet hadde klaga over at folk i NHST kom på besøk med blå skjorter. Eg trur ikkje NHST var ein umogleg eigar for Morgenbladet, men når «the shit hits the fan» så blir konfliktane veldig tydlege, seier Aas Olsen, som mellom anna kursar i økonomijournalistikk på IJ.
– NHST manglar «cash»
Gravdal seier at ho er overraska over at salet skjer så kjapt, men at ho forstår det ut frå forretningsmessige omsyn.
Der får ho støtte av Aas Olsen.
– Eg er meir overraska over at Mentor Medier kjøper. Å finna ein kjøpar til ei papiravis i dag er ikkje enkelt, seier han.
NHST har dei siste åra opplevd sviktande inntekter, er hardt råka av koronaviruset, og måtte nyleg be eigarane sine om 50 millionar kroner i frisk midlar.
– NHST manglar «cash», og det får dei ikkje av drifta i Morgenbladet. Situasjonen er også illustrert ved at dei går til eigarane for å be om pengar, seier Aas Olsen vidare.
– Overraskar meg ikkje
Morgenbladet fekk i 2019 eit årsresultat på 570.000 kroner etter å ha omsett for 75 millionar kroner. Dei har sidan 2012 auka inntektene med over 20 millionar kroner, men hatt ein brå stopp i opplagsutviklinga etter å ha opplevd rakettvekst på 2000-talet.
– Morgenbladet sitt produkt etter at Alf van der Hagen gav seg har ikkje utvikla seg. Dei har skjedd lite innovasjon og utvikling, seier Aas Olsen.
– Kan dei ha nådd ein topp i 2012, eller kan opplagsbremsen sjåast i samanheng med NHST-oppkjøpet?
– Det er så og så mange som orkar å lesa eit essay på fire sider, for å ta eit døme. Eg kan skryta på meg kulturell kapital og seia eg abonnerer på Morgenbladet, men det er grenser for kor stor kjernemålgruppa til Morgenbladet er. Det er vanskeleg å klandra NHST for bremsen. Eg trur ikkje dei venta ein svær opplagsauke då dei kjøpte avisa, seier Aas Olsen.
Wilberg ved BI er heller ikkje overraska over at NHST sel avisa.
– Det skjer strukturelle endringar, og det overraskar meg absolutt ikkje. Det kjem som følgje av situasjonen me er i no, som har akselerert ytterlegare under koronapandemien, seier Wilberg til Medier24.
Verken Aas Olsen eller Wilberg har nok innsikt til å kommentera prisen på 40 millionar kroner, seier dei til Medier24.
Styreleiar Amund Djuve i Morgenbladet og konsernsjef Hege Yli Ask Melhus i NHST har fått presentert kritikken frå Gravdal.
«Jeg ønsker ikke å delta i en polemikk med tidligere ansatte. Generelt vil jeg si at jeg har satt stor pris på perioden som styreleder i bedriften, men det var en krevende periode i fjor høst. Jeg synes Morgenbladet er en flott bedrift med en redaksjon som lager god, interessant og intelligent journalistikk om kjente og ukjente problemstillinger, og som leser føler man seg hver uke litt klokere etter å ha lest Morgenbladet», skriv Djuve i ein e-post til Medier24.