Kommunen rykkja ut mot april­spøk i lokal­avis: – Får stå for deira rekning

– Om folk misoppfattar det, er det vår jobb å leggja oss flate, seier redaktør Tore Aarflot i Møre.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«For å kontrollere smittefaren, men likevel auke aktiviteten, vert skular og barnehagar opna opp med å spreie dei utover i Volda og Ørsta», skreiv lokalavisa Møre på sine nettsider onsdag 1. april.

Det var ikkje sant. Men det var først då reaksjonane kom at avisa var nøydd til å merka saka som aprilspøk.

Kommunen avkreftar

Og at dette ikkje stemte såg Volda kommune seg nøydd til å påpeika på sine nettsider alt tidleg onsdag morgon.

– Eg måtte gjera folk merksame på at dette ikkje stemmer, seier rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune til Medier24.

sine sider skriv dei:

«Volda kommune kan avkrefte det avisa Møre skriv på si nettside i dag, 1. april. Barnehagar og skular vert ikkje opna før sentralt mynde opnar opp for det. Inntil anna melding vert gitt, er barnehagane og skulane stengde fram til 14. april»

– Kva tenkjer du om spøken?

– Det vil eg ikkje kommentera. Det får stå for deira rekning, så du før spør avisa om det.

– Vår jobb å merka det

Redaktør Tore Aarflot i Møre fortel at dei har fått nokre tilbakemeldingar på aprilspøken.

– I 12-tida plar me leggja inn i aprilspøkane våre at det er ein aprilspøk. Men no var me raskare ute, seier han.

– Me må jo retta oss etter korleis folk oppfattar det. Om folk misoppfattar det så er det vår jobb å leggja oss flate, og gå ut og merka det med at det er ein aprilspøk, legg han til.

 

– Usannsynleg spøk

Han meiner likevel det er fleire opplysingar i artikkelen som gjer spøken openberr, som jo er eit kriterium for ein god aprilspøk, ifølgje redaktøren sjølv.

Som til dømes at det er bestilt ein tankbil med antibac som skal lagrast på Tine-meieriet i Ørsta og tappast over på literflasker før det blir køyrd ut.

Og at det er inngått samarbeid med lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda om å henta inn 100 frivillige lærarar. Dei har altså reist frå bygd alt, seier Aarflot.

– Dette er opplysingar som gjer artikkelen veldig usannsynleg, seier han.

– Kva kan ein spøka med og ikkje under ei tid som dette?

– På ei side er dette veldig alvorleg, og me skal ikkje undervurdera situasjonen me er kome i, og me skal vera med på dugnaden og me skal koma med riktig informasjon. Det har me gjort sidan 11. mars. Men i sosiale medium er det også ein humor rundt koronaen som veks fram. I vår avis har me også innført ei uformell greie med «Dagens korona», med ein vits om dagens situasjon som me kan le litt av.

Kommunedirektør Wenche Solheim i Ørsta kommune har ikkje hatt tid til å svara Medier24 sin førespurnad onsdag føremiddag.

Powered by Labrador CMS