#MinMetode

– I små lokalsamfunn ser mange ut til å tru at den lokale bladfyken veit absolutt alt som går føre seg

Sogn Avis-journalist Hanne Stedje forteller om sine journalistiske metoder i Medier24s spalte #MinMetode.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I spalta #MinMetode ynskjer Medier24 å få journalistar til å fortelje om sine metodar og tankar om korleis journalistikk best utførast.

Denne gang er det journalist Hanne Stedje i Sogn Avis som svarar på Medier24 sine ti spørsmål om alt frå undervurderte kvalitetar, kjelderelasjonar og sitatsjekking.

– Kva er din viktigaste eigenskap som journalist?

– Eg evnar å gjera fleire ting samstundes, er relativt ryddig og har rimeleg greit overblikk, eigenskapar som også kjem godt med i tilveret som småbarnsmor. Eg har god kunnskap om nedslagsfeltet mitt, stort nettverk og evne til å sala om kjappt når det trengst. Den aller viktigaste eigenskapen er nok likevel ein einaste ting: eg elskar jobben min!

– Kva kvalitetar er dei mest undervurderte som journalist?

– Det at journalisten i mange tilfelle kan vera den einaste som verkeleg lyttar til – og ser - menneske som opplever urett, er ikkje til å kimsa av. Det kan bety veldig mykje for dei einskildpersonane dette gjeld.

– Kva kvalitetar er dei mest oppskrytte som journalist?

– I små lokalsamfunn ser mange ut til å tru at den lokale bladfyken veit absolutt alt som går føre seg. Det er ein seigliva myte. Merkeleg nok virkar det også som om mange trur eg har teieplikt, der eg tvert i mot lever av å spre informasjon – rett nok under eit strengt regime av etiske retningslinjer.

– Kva føretrekk du å jobba med: Breaking news eller lengre reportasjar? Kvifor?

– Allroundarar som meg syslar med begge deler – og begge deler sit godt inne i ryggmargen, difor er det umogleg å svara på. Eg diggar lange reportasjar med mange kjelder, der eg kan utforska ulike former for forteljarteknikk. Men når ting skjer og det bles som verst på toppan, då kjenner eg verkeleg på at eg lever. Og at eg er takksam for at det er dette eg lever av.

 – Kva skulle du ynskja du fekk meir tid til i kvardaen som journalist?

– God gammaldags graving i haugar av postlister og offentlege journalar! Det har ein lei tendens til å drukna i ein travel kvardag av alskens arrangement, diverse møte og twittermeldingar frå Vest politidistrikt. Innimellom skal det også skrivast portrett, laurdagsreportasjar og kanskje ein og annan politisk kommentar.

– Har du eit favorittspørsmål som ofte gir gode svar?

– Er det noko eg har gløymt å spørja om no??

– Kva sak er den mest krevjande du har laga so langt?

– Trippeldrapet på Valdresekspressen 4.november 2013. Min kollega Morten Sortland og eg var tidleg på åstaden den kvelden, og omfanget av tragedien prega det lokalsamfunnet eg bur og jobbar i på tallause måtar. Det kravde ekstremt mykje omtanke og presisjon å dekka den hendinga, både fordi arbeidsmengda, stofftilfanget og ikkje minst, arbeidspresset var stort – men mest fordi det er umogleg å ikkje bli personleg prega når noko slikt råkar nærmiljøet. Mange av inntrykka sat i, lenge. Og eg tenker framleis på det kvar einaste dag.

– Kva er norske medium dårlegast til å dekkja?

– Flyktningsituasjonen i sør-Europa ser ut til å vera gløymt. Dekningen av klimakrisa er i kanskje litt for stor grad prega av storpolitikk og skremsel, framfor å synleggjera dei menneska – kvar dei no held til – som lever med konsekvensane.

– Er veksten i talet kommunikasjonsrådgjevarar eit gode eller ei plage?

– Eit onde meir enn eit gode, i alle fall. Ikkje på grunn av kommunkasjonsrådgjevarane i seg sjølv, eg kjenner mykje kjekke folk som jobbar i den bransjen, men det at dei aukar i antal vitnar om at det vert stilt strengare krav til journalistane når det gjeld objektivitet og kjeldekritikk. Fleire kommunikasjonsrådgjevarar kan i ein del tilfelle også vera eit teikn på at det er rom for færre journalistar i redaksjonane, noko som er særs betenkeleg.

– Kva tykkjer du om bruken av anonyme kjelder i journalistikken?

– Prinsipielt er det sikkert ein uting, men i ein del tilfelle heilt og absolutt naudsynt for å kunne avdekka kritikkverdige forhold som folk bør vita om. Eg har ikkje sjølv brukt anonyme kjelder, men det har forekomme i mi avis av heilt særskilde årsaker. Då stiller det naturleg nok strenge krav til aktsemd frå redaksjonen si side.

Powered by Labrador CMS