#MinMetode

Firda-journalist Tonje Noreng Trøen har ADHD. Det ser ho på som ein stor styrke

Tonje Noreng Trøen i Firda fortel om sine journalistiske metodar i Medier24 si spalte #MinMetode.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I spalta #MinMetode ynskjer Medier24 å få journalistar til å fortelje om sine metodar og tankar om korleis journalistikk best utførast.

Denne gang er det Firda-journalist Tonje Noreng Trøen som svarar på Medier24 sine ti spørsmål om alt frå undervurderte kvalitetar, kjelderelasjonar og sitatsjekking.

– Kva er din viktigaste eigenskap som journalist?

– Eg har sett at eg er god til å snakke med folk på ein måte som gjer at dei opnar seg. Eg er skrudd saman litt annleis, sidan eg har det som blir kalla ADHD. Det ser eg på som ein veldig styrke då det gjer at eg ofte ser saker på ein annleis måte, og det levande i meg smittar over i journalistikken på eit vis. 

– Kva kvalitetar er dei mest undervurderte som journalist?

– Kor mykje psykologi det ligg i yrket. Det skal så lite til for å skremme folk vekk. Det er eit valdsamt konsentrasjonsarbeid som ein må leggje sjela si i, dette å snakke godt med kjeldene sine.

– Kva kvalitetar er dei mest oppskrytte som journalist?

– At ein skal ha så uhorveleg mykje kunnskap om alt. Det er klart at med lang fartstid i yrket sit ein med mykje kunnskap og god oversikt over samfunnet. Men som relativt fersk journalist ser eg at eg kan gå inn i kompliserte saker ved å få eit greitt overblikk og rett og slett spørje meg fram. Det kan komme mange gode svar ut ifrå det å stille «dumme spørsmål» også. 

– Kva føretrekk du å jobba med: Breaking news eller lengre reportasjar? Kvifor?

– Fordi eg er interessert i menneske og årsakssamanhengar er eg glad i å jobbe med djupare historier som betyr noko for folk. Men eg har også oppdaga det spennande med «breaking news». Rett og slett fordi det kjennest viktig å få informasjon ut til dei vi jobbar for og å vere med på det som skjer i augneblinken.

 – Kva skulle du ynskja du fekk meir tid til i kvardaen som journalist?

– Eg skulle nok gjerne ha hatt rom for å jobbe meir kreativt og skapande. Eg sit med mange idèar til nyheitsformidling som eg trur folk vil setje pris på, men som er tidkrevjande. På eit lokalkontor med avgrensa ressursar får ein ikkje alltid får høve til det.

– Har du eit favorittspørsmål som ofte gir gode svar?

– Eg spør på automatikk; «kvifor det?» eller «kvifor ikkje?». Då hender det, merkeleg nok, at folk må tenkje seg godt om, og det kan vise seg at dei enkle spørsmåla gjev gode svar.

– Kva sak er den mest krevjande du har laga so langt?

– Eg jobba med ei lengre reportasjesak om ei som mista mor si til sjølvmord då ho var born. Denne saka kom eg på å skrive fordi eg har den same historia sjølv. Eg mista far min av same årsak då eg sjølv var born. Det viste seg å bli vanskelegare enn eg hadde trudd å skrive saka, ikkje fordi det var tungt eller trist, men fordi det var akkurat som om eg skulle tilføre nyheitsverdi til noko som, for meg, var heilt daglegdags. Det vart vanskeleg å skilje hennar og mi historie, fordi dei er så like. Enno veit eg ikkje om eg var den rette til å skrive saka fordi eg har forståing, eller om eg ikkje var den rette av same årsak. 

– Kva er norske medium dårlegast til å dekkja?

– Eg trur vi kan bli betre på å fortelje heile historia. Med det meiner eg kva som skjer i etterkant av hendingane. Det er mange som seier dei ikkje orkar å lese nyhende fordi det er så mykje elendigheit. Det kan ofte vere rett å fortelje om det som vart gjort for at det skulle gå bra i ulike hendingar, det vi på fint kallar «løysingsorientert journalistikk». Så trur eg vi på lokalkontora også må bli betre på å vere til stades der folk brukar mykje av tida si, altså på sosiale medium. 

– Er veksten i talet kommunikasjonsrådgjevarar eit gode eller ei plage?

– For oss journalistar er det jo godt å snakke med folk som kan svare konkret for bodskapen sin, men eg ser også at det kan bli problematisk om alle får ein spesialisert «talsperson» som gjer sine saker meir synlege enn andre. Det kan bli vanskelegare å løfte fram det problematiske ved saker som er viktig for folk å vite om.

– Kva tykkjer du om bruken av anonyme kjelder i journalistikken?

– Eg ønskjer i stor grad å unngå anonyme kjelder, fordi eg meiner folk har rett til å vite kven som snakkar, og at det handlar om truverdigheita i det vi formidlar. Men kvar dag møter vi utfordringar med at kjelder som har eit viktig bodskap ikkje vil stille med namn fordi dei er redd for reaksjonane. Om vi då vel å ikkje lage saka grunna dette kan ei viktig sak gå til spille.

Powered by Labrador CMS