Nyheitsredaktør Arne Sandvik i Bauer Medias Radio Norge.

Radio Norge snur – fjernar «mikrofontillegget»

At Radio Norge betalte sine journalistar for å få mikrofonen synleg i andre sine medier skapte sterke reaksjonar. No er det slutt på ordninga.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det var onsdag at Medier24 skreiv at Radio Norge gir journalistane eit «mikrofontillegg» kvar gong dei får den raude mikrofonhetta synleg i tv-ruta eller i nyheitsbiletet.

Dagen etter reagerte både TV 2, P4 og etikkførelesar ved OsloMet, Magne Lindholm, sterkt på ordninga.

«Slik skal vi ikke ha det»

No opplyser nyheitsredaktør i Radio Norge, Arne Sandvik, at det er slutt på ordninga.

I ein e-post til nyheitsredaksjonen skriv Sandvik:

Hei alle sammen!

Det som begynte som en kreativ flyve-ide på desken om å premiere engasjement og ivrighet i felt, har fått en uønsket vending. Det positive er blitt snudd til spørsmål om vår motivasjon for å være i felt. Slik skal vi ikke ha det.

La det være klart at vår motivasjon aldri har vært annet enn å levere kvalitet, raskt og effektivt. For å unngå at det videre settes spørsmål ved våre motiver så avsluttes dagens ordning fra og med i morgen.

Radio Norge-mikrofonar.

Vi skal jobbe like hardt som før og hele tiden være på hugget når situasjonen krever det.

Overfor Medier24 utdjupar Sandvik:

– Me tek all kritikk på alvor. Husk at det ofte går hett føre seg i klynger når målet er å få inn dei beste spørsmåla og skikkeleg lyd. Så på eit nivå forstår eg fotografane sin indignasjon på mikrofonar i bilete frå eit aukande tal redaksjonar som melder seg på i kampen.

 

– Har stussa

Både politisk journalist i VG, Espen Breivik - som tidlegare arbeidde i NRK – og pressefotograf Fredrik Naumann, har reagert på framferda deira.

Politisk journalist i VG, Espen Breivik.

– Når eg har jobba med TV, anten her i VG eller i NRK, har eg lagt merke til at Radio Norge verkar opptekne av å få mikrofonen inn i biletet på rare tidspunkt. Eg har stussa over at ein til dømes har stått med ein mikrofon ved felles pressetreff utan at den har vore kopla til ein opptakar. Det har eg sett ved minst to høver, seier han til Medier24.

I ein kommentar på Medier24 sitt Facebook-innlegg om den første saka, skreiv Naumann:

«Det forklarer hvorfor de saboterer for fotografer selv når det åpenbart ikke er noen meningsfull lyd å få. Å bruke politikere og kollegaer som verktøy for egen photo op er ikke å representere "bedriften på en god måte."»

 

– Ingen sabotasje

Slik svarar Sandvik på kritikken:

– Me tek all kritikk på alvor. Husk at det ofte går heitt føre seg i klynger når målet er å få inn dei beste spørsmåla og skikkeleg lyd. Så på eit nivå forstår eg fotografane sin indignasjon på mikrofonar i bilete frå eit aukande tal redaksjonar som melder seg på kampen.

– Om nokon har noko å utsette på oss, så vert det diskutert. Samstundes må eg seie at eg elles aldri har fått negative tilbakemeldingar på korleis våre kollegaer opptrer i felt. Tvert om.

– Dette er ingen naturleg sabotasje.

Powered by Labrador CMS