Får med heile bransjen på ny metoo-undersøking: I januar kjem resultatet

To år etter at metoo-bølgja trefte norske mediehus samlar presseorganisasjonane heile bransjen for ny kartlegging av seksuell trakassering.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det vakte stor merksemd då presseorganisasjonane 15. desember 2017 presenterte funna i bransjens første metoo-undersøking noko sinne.

Om kort tid kjem oppfølgjaren – to år etter at tidlegare TV 2-profil Aleksander Schau sende ut ei rekkje twittermeldingar kor han adresserte kulturen hos sin gamle arbeidsgjevar – og med det starta metoo-bølgja i norsk mediebransje.

– Norsk Journalistlag var tydleg på at me ynskja ei ny undersøking. No har me brukt tida på å finna ut kven som skal vera med på det, og korleis undersøkinga skal gjerast, seier leiar Hege Iren Frantzen i Norsk Journalistlag til Medier24.

– Enormt bratt læringskurve

I 2017 var det Norsk Journalistlag (NJ), Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Fagpressen, Landslaget for lokalaviser (LLA) og Norsk Redaktørforening (NR) som sto bak undersøkinga. Den fekk 5.700 svar, og viste at 11,1 prosent av unge kvinner mellom 18 og 30 år som hadde svart på undersøkinga, sa dei hadde blitt utsett for seksuell trakassering det siste halve året.

No får dei i tillegg med seg NRK, Discovery Norge, NENT Group og Norsk Lokalradioforbund, som betyr at alle organisasjonane som er medlem av Norsk Presseforbund deltek på undersøkinga.

Pressekonferanse om seksuell trakassering 15. desember 2017.

– Eg er veldig glad for at ein samla mediebransje gjer dette saman. Me er alle samde om at me har forsømt oss som bransje fram til 2017, seier assisterande generalsekretær Reidun Kjelling Nybø i NR til Medier24.

Undersøkinga vil bli sendt ut på same tid som i 2017 – i slutten av november – med svarfrist i starten av desember. Resultatet vil bli presentert i januar 2020. Svara er anonyme, og resultata vil bli rapportert på overordna nivå.

– Læringskurva har vore enormt bratt, og denne undersøkinga er det utruleg viktig at folk svarar på når den kjem ut, seier ho.

Medier24 skreiv i september om to nye varsel om seksuell trakassering i TV 2, og at NRK har seks varsel om «upassende oppførsel».

– Hårreisande

– Målet er at det skal vera så lite variasjon som mogleg frå den me hadde sist, men me er i finpussen om korleis me gjer det på ein god måte. Då den førre kom varsla me at skulle følgja opp med ein ny ein, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL til Medier24 om undersøkinga som no kjem.

Dei er alle tre samde om at det har skjedd mykje i bransjen sidan metoo-revolusjonen i 2017.

– Under metoo vart det sett ei ny grense for akseptabel oppførsel, og den grensa er det utruleg viktig å halda, seier Øgrey.

Ho får støtte frå Frantzen.

– Mange har sagt til meg at, om ein går 10-15 år tilbake, er det heilt hårreisande kva ein aksepterte av kva folk gjorde og sa, sett i dagens lys. Det er bra me no ser det i lyset me skal det sjå, og ikkje på den måten ein såg det før, seier NJ-leiaren.

– Profesjonalisering

På Svarte Natta-konferansen i Tromsø vart det fredag halde debatt om korleis redaksjonane no jobbar for å førebyggja seksuell trakassering. Etter debatten kommenterte Øgrey endringane slik:

– Før var folk var usikre på kvar og korleis ein skulle varsla. Det har det blitt jobba mykje med dei siste åra. I tillegg er det eit heilt anna medvit om det no enn før.

Nybø sa frå scena at bransjen var altfor seint ute med å ta tak i upassande oppførsel.

Randi S. Øgrey, administrerande direktør i Mediebedriftenes Landsforening (i midten). Her med generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund, og sjefredaktør og administrerande direktør Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen i bakgrunnen.

– Det skjer ei profesjonalisering av bransjen, som kjem altfor seint, sa ho under paneldiskusjonen.

Der diskuterte ho saman med Norsk Journalistlag-rådgjevar Trond Idås, redaktør Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen og klubbleiar Ann-Kristin Hanssen i Fremover.

Kjelling Nybø viste til NR sin rettleiar for korleis ein førebygg seksuell trakassering.

Mindre alkohol på jobbfest

Dagsavisen-sjef Hoff Lysholm fortalde om korleis dei aktivt jobbar for førebygging av seksuell trakassering.

– Det er enklare å følgja opp etter metoo. No kan me snakka om det rundt eit lunsjbord, til dømes, sa han.

– Det handlar om å snakka om det. Tilsette må komma med slikt til meg, ein må ha synlegheit av varselplakaten, få det inn i oppstartssamtalar – og ha interne reglar, sa han frå podiet.

Vidare viste han til avgrensa mengde alkoholeiningar, og aldri spritservering på jobbfestar.

Assisterande generalsekretær Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening. Her med leiar Hege Iren Frantzen i Norsk Journalistlag (t.v.) og Randi S. Øgrey, administrerande direktør i Mediebedriftenes Landsforening (t.h.).

– Det var ikkje populært på første fest, men då metoo kom skjønte tilsette at det var lurt, sa han.

Det handlar likevel ikkje berre om alkohol, meiner Kjelling Nybø.

– Det handlar ikkje berre om å kutta alkohol, men kulturen på arbeidsplassen, kor dei færraste drikk, sa ho.

Kollega vart trakassert

Fremover-journalist og nyvald leiar av Norsk Journalistlag Troms, Ann-Kristin Hanssen, var tillitsvald i avisa då ein journalist hos dei vart trakassert ute på oppdrag. Avisa omtalte sjølv at dei melde ein bedriftsleiar i Narvik til politiet for å ha trakassert ein journalist.

– Det var veldig mange diskusjonar internt om me skulle omtala det eller ikkje. Nokon meinte det var feil, sa ho.

Norsk Journalistlag-rådgjevar Trond Idås, assisterande generalsekretær Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening, sjefredaktør Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen og klubbleiar Ann-Kristin Hanssen i Fremover.

Hanssen la til:

– Nokon sa òg til journalisten at «kvifor går du til politiet med det? Det er det dummaste du kan gjera».

Ho vart sjølv svært overraska over det som skjedde med kollegaen sin.

– Me vart meir merksame på slike ting. Det hadde aldri falt meg inn at noko slikt kunne skje. Det kom som ei bombe at nokon angreip ei ung kvinne på jobb, sa Hanssen.

NJ-rådgjevar Idås meiner det er viktig å sjå på konsekvensane seksuell trakassering har. 

– Det har vore mykje fokus på omfanget. Men grunnen til at me er opptekne av det er at det har ein del negative konsekvensar for både den enkelte og redaksjonen, sa Idås.

– Når me no gjera ei ny undersøking om to veker, er det for å sjå om det har endra seg. Det vert spanande å sjå om det har auka eller blitt redusert, haldt han fram.

Powered by Labrador CMS