Medietilsynet deler ut 4,6 millioner til medieforsking - disse får støtte

AI og kulturjournalistikk er blant prosjektene som får penger.

Publisert

Medietilsynet fordeler 4,6 millioner kroner til forskning på medium og dataspel. Hovudtyngda av prosjekta som får støtte, handlar om kritisk medieforståing og tar utgangspunkt i utfordringar knytte til dagens mediebruk.

– Vi støttar blant anna prosjekt om personvern og bildedeling av barn, og korleis innhald laga med kunstig intelligens påverkar samfunnet og enkeltmenneske, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Medietilsynet har prioritert forskingsprosjekt innanfor tema om mediemangfald og kritisk medieforståring i tildelinga i år når 17 prosjekt no får til saman nær 4,6 millionar kroner i støtte til forsking på medium og dataspel.

Blant prosjekta som får støtte, er prosjektet til forskar Petter Bae Brandtzæg ved Universitetet i Oslo om korleis den raske framveksten av AI-generert innhald og ei AI-driven offentlegheit påverkar mediemangfaldet og den kritiske medieforståinga i befolkninga.

Powered by Labrador CMS