
12 aviser i Finnmark får 2,3 millionar kroner i distribusjonstilskott for 2022
Medietilsynet har no fordelt distribusjonstilskott til aviser i Finnmark.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. Det er derfor ei eiga tilskottsordning til aviser i dette området.
Kvar enkelt avis får berekna distribusjonstilskott for 2022 ut frå talet på aviseksemplar som blei distribuert med Posten til abonnentar i Noreg i 2021.
Distribusjonstilskottet på 2 320 000 kroner kjem i tillegg til eventuelt produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium og tilskott til samiske aviser.
Frå 1. januar 2020 blei tidlegare Finnmark fylke ein del av det nye fylket Troms og Finnmark. Kulturdepartementet har slått fast at Medietilsynet skal bruke fylkesgrensene per 31. desember 2019 ved forvaltninga av ordninga.