Ny avklaring kan påverka stor­leiken på den statlege støtta til TV 2

Medietilsynet har bestemt korleis dei ulike sjåargruppene til TV 2 skal vektast når reklameinntektene skal fordelast mellom allmennkringkastingsverksemda og andre program.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Avtalen mellom TV 2 og staten inneber at TV 2 får dekt nettokostnadene for å levera det innhaldet som inngår i allmennkringkastingsoppdraget, inkludert ei rimeleg forteneste.

Det skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

– Korleis dei ulike sjåargruppene til TV 2 blir vekta, kombinert med sjåartala i dei ulike aldersgruppene, er ein viktig del av grunnlaget for å kunne berekna kompensasjonen kanalen får for allmennkringkastingsoppdraget, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

TV 2 har ein avtale med staten om å levera kommersielle allmennkringkastingstenester på tv mot å få dekt nettokostnadane knytt til allmennkringkastaroppdraget med inntil 135 millionar kroner kvart år.

For 2019 har Medietilsynet vedtatt at ved fordelinga av reklameinntektene til TV 2 skal sjåartala vektast slik:

  • aldersgruppa 20 – 49 år vektast med 100 prosent
  • aldersgruppa 50 – 59 år med 65 prosent
  • aldersgruppa 60 – 69 år med 25 prosent
  • dei to aldersgruppene 10 – 19 og 70 – 79 år med 10 prosent

Vektinga av dei faktiske sjåartala i dei ulike aldersgruppene gir grunnlaget for å berekna kor mykje reklameinntekter allmennkringkastingsverksemda til TV 2 genererer. Ved berekninga av storleiken på kompensasjonen til TV 2 blir desse inntektene trekte frå.

Medietilsynet har fått bistand frå revisjonsselskapet BDO i arbeidet med å fastsetta reklamevektene.

– Me ser at tilsynet har gjort ei grundig vurdering, basert på ekspertuttalane me har henta inn. Me kjem til å akseptera vedtaket slik det ligg, seier organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Sarah C. J. Willand i TV 2.

Powered by Labrador CMS