Medietilsynet oppdaga ingen brot på reklame- og sponsorreglementet frå TVNorge si side under OL i Tokyo.

Ingen brot på reklamereglar under OL for TVNorge

– Vi veit det kan vere krevjande å orientere seg i straumen av informasjon, nyheiter og reklame, seier Medietilsynets Hanne Sekkelsten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medietilsynet fann ingen brot på reklame- og sponsereglane i tv-sendingane til TVNorge under årets vinter-OL i Beijing.

Det skriv dei i ei melding, fredag morgon.

– Vi fekk dessutan få meldingar frå publikum under desse leikane. Det kan tyde på at folk denne gongen var godt informerte om kvar øvingane blei sende, og korleis tv-sendingane blei presenterte, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Formålet med tilsynet var å sikre at TVNorge følgde reglane for reklame og sponsing i tv-program under OL. Kontrollen avdekte ingen brot på reglane.

Reglane er til for at sjåarane skal skilje mellom reklame og redaksjonelt innhald

TVNorge er etablert i Noreg og må derfor følge norske reklamereglar. Kanalane Eurosport Norge og Discovery+ er ikkje etablerte i Noreg, og Medietilsynet fører derfor ikkje tilsyn med desse kanalane.

– Vi veit det kan vere krevjande å orientere seg i straumen av informasjon, nyheiter og reklame. For at sjåarane skal klare å skilje mellom kommersielt og redaksjonelt innhald, er det derfor viktig at det er tydeleg for sjåarane når programmet blir avbrote med reklame, seier Sekkelsten.

Powered by Labrador CMS