Torsdag la kulturminister Trine Skei Grande fram mediestøttemeldinga. Der vart det klart at NRK vil inngå i statsbudsjettet.
– Regjeringa slår fast at NRK skal ha eit breitt allmennkringkastingstilbod, og at vi skal ta i bruk alle relevante medieplattformer for å nå ut til publikum. Det hadde ikkje vore mogeleg å treffe heile folket utan å bruke mobil og nett i tillegg til radio og tv. Dette er avgjerande for at NRK kan bidra til å styrke demokratiet, norsk og samisk kultur, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i ei pressemelding.
– NRK er ein viktig del av norsk mediemangfald. Saman med alle dei andre mediebedriftene bidrar NRK til at folk i Noreg kan nytte seg av eit rikt medietilbod. Dette var også Mediemangfaldsutvalet opptatt av, seier Eriksen.
Trine Skei Grande vil leggje fram mediestøttemeldinga på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Drammen. Meldinga har fått namnet «Mangfald og armlengdes avstand», og inneheld fleire nye forslag til korleis ein kan innrette mediepolitikken framover.
Saka vert oppdatert.