Dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen
Mediebyråforeningen
Reklamesal via mediebyrå ned 380 millionar kroner til no i år
Men Mediebyråforeningen håpar på ein oppsving i haust etter annonsevekst i august.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Ferske tal frå Mediebyråforeningen sitt Mediebarometeret viser at reklameomsetnaden via mediebyrå etter årets første åtte månadar er ned 380 millionar kroner – eller 5,9 prosent, kjem det fram i ei pressemelding.
Likevel var det positive rørsler i reklamemarknaden i august månad samanlikna med same periode i fjor.
– Me ser ein liten oppgang i august månad samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Så får me håpa at dette er berre starten på ein opptur før hausten 2019. Det står att å sjå – og det er lov til å håpa, seier dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen i ei pressemelding.
Både tv og internett viser vekst i reklameomsetnaden i august.
Samla er likevel tv ned 8,1 prosent og internett ned 1,4 prosent.
– Slik sett har internett gode moglegheiter til å komma på den positive sida – og det kjapt. Det skal ein veldig god haust til for at tv skal klara det tilsvarande, seier Mandt Larsen.