Per Christian Magnus, seniorrådgjevar ved Universitetet i Bergen og leiar for Senter for Undersøkande Journalistikk.Ole Alexander Saue
– Før var det brannmurar rundt TV 2, NRK, VG og Dagbladet
Samarbeidsklimaet i journalistmiljøet har endra seg, meiner leiar ved Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), Per Christian Magnus. Det vil han ha meir av.
Den røynde journalisten med fartstid i TV 2 og NRK, Per Christian Magnus, sit hos Universitet i Bergen i hjarta av Media City Bergen, kor han leier UiB si satsing på gravejournalistikk.
No går det føre seg samarbeidsprosjekt med både Avisa Nordland og Kvinnheringen, medan avisa Raumnes i helga slapp sitt store graveprosjekt i samarbeid med SUJO. I prosjektet, kalla «Når lovbryterne slipper straff», har Raumnes dukka ned i alle straffesaksdommar i Øvre Romerike tingrett dei siste tre åra, og deretter prøvd å måle strafferabatt som følgje av lang saksbehandlingstid. Saka vart følgd opp av NRK.
Ikkje Oslo-fokusert
Journalist i Raumnes, Thomas Frigård, er takksam for samarbeidet med SUJO.
– Me sat ein heil dag og diskuterte fram og tilbake, og me utarbeida ei liste med saker, og så gjekk me fram med kva kjelder som var aktuelle. Då eg reiste heim frå Bergen etter møtet med SUJO hadde eg alle sakene og kjeldene klare på papiret. Det var i mitt tilfelle ekstremt viktig. Det var veldig lærerikt, seier han.
– Dette er midt i kjernen av det SUJO ynskjer å bidra med, seier Magnus om prosjektet.
– Me er ikkje fokusert mot Oslo-gryta, for å seie det slik. Me ligg i Bergen, og det betyr at det er landet utanfor Oslo – Nord-Noreg, kysten, Sørlandet og vestlandet som er vårt viktigaste nedslagsfelt, seier Magnus til Medier24.
– Lite ressursar utanfor Oslo
Han tykkjer det er bra at dei ligg i vest, og ikkje i aust.
– Oslo-pressa satsar allereie, og dei har ressursane og kompetansen inne. Utanfor hovudstaden er arbeidspresset stort og det er lite ressursar til å setje folk av i ei veke, legg han til.
I november skapte Anki Gerhardsen oppstandelse ute hos lokalavisene då ho i Aftenposten slo fast at «lokalpressen sviktar den mest vesentlege delen av samfunnsoppdraget sitt».
– Graving har aldri vore lokalavisene si primæroppgåve, sa Møre-Nytt-redaktør Svein Aam til Medier24.
– Vanskeleg med kritisk avstand til ordførar
Per Christian Magnus tykkjer han ser ei endring blant norske lokalaviser.
– Me ser at det er ei tenning i lokalavisene. Som LLA seier: at dei går kritisk til verks mot kommune og andre aktørar i lokalsamfunnet er det folk vil ha. Det er det veldig interesse for, seier han.
– Det Anki Gerhardsen seier er langt på veg riktig, og belyser dei vanskelege utfordringane i lokalavisene ved å vere så tett på kjeldene. Det er vanskeleg å halda ein kritisk avstand til ordføraren når du møter han i barnehagen eller butikken kvar dag.
– Eg trur ting endrar seg, og Fritt Ord har gjort ein formidabel innsats ved å gi pengar direkte til prosjekt i LLA-systemet, og er i tillegg vår hovudstøttespelar, seier Magnus.
Det er om lag halvannan år sidan dei største norske mediehusa samla seg i Media City Bergen. Inn i bygget har både TV 2, NRK Hordaland, Bergens Tidende og Bergensavisen flytta. I tillegg til ei lang rekkje teknologi- og it-aktørar.
I tillegg diskuterer åtte medieorganisasjonar på Austlandet å samlokalisere seg i «Pressens Hus» i Oslo.
– Pressens Hus bør sjå til Bergen. Det faglege akademiske miljøet her avgjerande for suksessen til MCB, seier Magnus.
Meir samarbeid
Han og SUJO tek til orde for meir samarbeid i mediebransjen.
– Samarbeidsklimaet i journalistmiljøet har endra seg. Før var det brannmurar rundt TV 2, NRK, VG og Dagbladet. Der har det skjedd mykje, seier Magnus.
– Me har mål om å bli ein liten plogspiss i Norge på nye samarbeidsformer – som kanskje til og med kan innebere publiseringssamarbeid. Det er eit hårete og langsiktig mål, seier han.
Raumnes hadde i forkant av publisering dialog med NRK, som kjapt plukka opp saka og følgde opp med eigen oppfølging etter Raumnes først publiserte.
Frigård, som byrjar i ny jobb i Kommunal Rapport fredag, meiner SUJO kan fungere som eit kompetansesenter så vel som samarbeidspartnar.
– Ein dreg med seg vanvettig god kompetanse tilbake til redaksjonane. Etter enda prosjekt har ein fleire journalistar, og redaktør, som veit korleis ein skal setje i gang graveprosjekt. Då er terskelen lågare for å gjennomføre eit nytt eit, seier han.