Magne Kydland i Sunnhordland.

Sommerpraten

– For nokre år sidan laga me ei sak om ein ny gapahuk. I saka stod det konsekvent «gapakuk»

Sunnhordland-redaktør Magne Kydland deler historia om ein gammal brølar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I «Sommerpraten» stiller Medier24 ei rekkje personar i og tett på mediebransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. Nestemann ut er Magne Kydland i Sunnhordland.

– Korleis summerer du opp første mediehalvår 2019?

– Ikkje så verst. Me har ein fin auke digitalt, både talet på brukarar og ikkje minst nye abonnentar.

– Kva er årets flause til no?

– Kjem ikkje på nokre store brølarar i farten, men for nokre år sidan laga me det som skulle vera ei kosesak om at det lokale turlaget hadde sett opp og innvia ein ny gapahuk. I saka stod det konsekvent «gapakuk». Det var det ikkje alle som var like godt nøgde med, for å seia det mildt….

Og til glede for nye lesarar (side 23 i Sunnhordland, måndag 30. januar 2012):

– Kva bransjeperson har inspirert deg i år?

Sunnhordland, 30. januar 2012.

– Gard Steiro, som har stått rak og oppreist i stormen.

– Kva gjer du i sommar?

– I sommar skal eg stort sett jobba, og så skal eg ein køyretur oppover Vestlandet i august. Gå litt fjellturar og spela golf. Håpar vêret vert nokolunde bra! Viss ikkje har eg ein plan b…

– Kva medievanar tek du med deg på ferie?

– Prøver å kopla av mest mogeleg, men følgjer no litt med på diverse nettaviser. Prøver å vera mindre aktiv på sosiale medium når eg har fri.

– Kva er den største tabben du har gjort som sommarvikar? 

– Det var vel då eg var vaktsjef i Haugesunds Avis for mange år sidan, då Shabana Rehman på filmfestivalen blotta rumpa og kyssa dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Vår journalist var gått heim for å skriva, eg var oppteken med å laga avis, og Haugesunds Avis hadde ikkje fanga opp det alle snakka om. Då vart det ei solid, og velfortent, dose med kjeft frå redaktøren, som på si side måtte i elden i «God morgen Norge» og svara på kvifor ikkje lokalavisa hadde fanga opp det resten av medie-Norge hadde.

– Kva er ditt beste råd til årets sommarvikarar?

– Hugs å spør korleis folk stavar namnet sitt.

Powered by Labrador CMS