NTB-sjef Mads Yngve Storvik.

NTB med vekst i fjor: – Om eg skal vera uroa, så er det for åra så kjem

Pressa forretningsmodell truar inntektene til NTB si nyheitsteneste. No stablar byrået nye bein å stå på.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Norsk Telegrambyrå, NTB, leverte i 2019 eit driftsresultat på 5,7 millionar kroner etter å ha auka inntektene med ni prosent frå 2018.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Me har ein ni prosent auke på topplinja, og det er eg aller mest nøgd med, seier administrerande direktør og sjefredaktør Mads Yngve Storvik i NTB til Medier24.

Norsk Telegrambyrå 2019 2018 Endring
Omsetnad 242 mill. 222 mill. 9 %
Driftsresultat 5,7 mill. -7,3 mill. 178.1 %
Resultat før skatt 26,3 mill. 3 mill. 776.7 %
       
Driftsmargin 2.7 % -6 %  

Mindre og mindre aktuell modell

Trass ein høg omsetnad er overskotet frå drifta låg. Ifølgje Storvik er målsetjinga å levera driftsmarginar på tre prosent. I fjor landa dei på 2,7 prosent.

– De opererer med låge marginar. Korleis jobbar de med kostnadsnivået?

– Som du seier, det er «tight», og me får lov til å reinvestera det me tener i utvikling og tenester. Dermed er eg ikkje så uroa for kostnadssida, då me ikkje aukar så mykje på faste kostnader, seier Storvik.

Og sjølv om byrået har opplevd vekst dei siste åra, ligg dei ikkje på latsida. For, som dei skriv i årsrapporten, er det «press på forretningsmodellen som bygger på at så mange som mulig bruker samme innhold».

– Kan du grunngje denne uroa?

Sjefredaktør Mads Yngve Storvik og nyheitsredaktør i NTB 20. februar i fjor, då Sørheim vart introdusert for dei tilsette.

– «One size fits all» blir mindre og mindre aktuelt i ei tid med digitale forretningsmodellar hos kundane. Kvar enkelt kunde må dyrka eigenart for å veksa digitalt. Dermed passar det ikkje så godt inn med eit nyheitsbyrå som leverer den same nyheita til mange, seier Storvik, og repeterer same bodskap då han i fjor snakka om 2018-resultatet.

– Noko av det me har jobba mest med dei siste to åra er automatiserte tenester, som bustad- og konkurs-robotane. I tillegg kjem det no ein ny fotball-robot, som går heilt ned til 9.-divisjon og ungdomsfotball.

Vekst i kommunikasjonstenester

Difor har også NTB langt fleire bein å stå på enn nyheitstenesta:

Inntekter 2019 2018 Endring
NTB nyheter 90,8 mill. 84,3 mill. 7.7 %
NTB visuell 98,2 mill. 94,1 mill. 4.4 %
NTB partner 39 mill. 30,5 mill. 27.9 %

I tillegg rullar dei snart ut ein splitter ny mediebank, kor kundar kan oppbevara bilete og videoar.

– Mediebanken er i ferd med å gå frå testfase til marknaden. Me har ein del kundar inne som har hjelpt til med utviklinga. Det blir eit nytt bein å stå på, seier Storvik til Medier24.

Som Medier24 har skrive om heilt sidan utbrotet av koronapandemien i Norge, har norske mediehus merka krisa tett på kroppen. Ei rekkje større og mindre redaksjonar har permittert tilsette, og aviser har kutta frekvens i papirutgåvene.

– Dramatisk

For NTB har krisa betydd at nye kundar straumar til, då informasjonsbehovet er usedvanleg stort. Men:

– 2020 får eit dårlegare resultat enn i fjor fordi omsetnaden går ned. Me kjem ikkje til å ha tilsvarande vekst i år, på grunn av koronaen. Me kjem til å klara oss greitt, og me landar med begge beina på jorda trass noko nedgang i omsetnaden, seier han.

Sjefredaktør Mads Yngve Storvik i NTB.

Storvik legg til:

– Om eg skal vera uroa, så er det for åra så kjem. Krisa har påverka våre kundar ganske dramatisk. Me er nøydd til å vera i stand til å levera noko som våre kundar har bruk for.

Administrerande direktør og sjefredaktør Storvik hadde ei løn på to millionar kroner i 2019, går det fram av rekneskapen.

Powered by Labrador CMS