Sjefredaktør i NTB, Mads Yngve Storvik.

NTB kvittar seg med Scanpix-namnet. Det bidrog til negativt resultat i 2018

– Om ein tek bort dei 30 millionane i nedskrivingar, får du eit svært godt driftsresultat, seier NTB-sjef Mads Yngve Storvik til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ferske rekneskapstal viser at Norsk Telegrambyrå (NTB)-konsernet fekk eit driftsresultat på -15,5 millionar kroner i 2018, ned frå 3,1 millionar kroner i pluss året før.

Det skjer til trass for at inntektene auka frå 249,7 millionar kroner til 258,4 millionar kroner. Forklaringa ligg i nedskrivingar etter verditap på Universum og avvikling av merkevarenamnet Scanpix, som er NTB si foto- og videoavdeling.

«NTBs negative resultat i 2018 skyldes i stor grad nedskrivninger av merverdier knyttet til Scanpix som følge av at NTB har valgt å bygge en sterkere merkevare rundt NTB», står det i rekneskapen.

– Om ein tek bort dei 30 millionane i nedskrivingar, får du eit svært godt driftsresultat, seier ein nøgd sjefredaktør og administrerande direktør Mads Yngve Storvik til Medier24.

Norsk Telegrambyrå 2018 2017 Endring
Omsetnad 258,4 mill. 249,7 mill. 3.5%
Driftsresultat -15,5 mill. 3,1 mill. -593.8%
Resultat før skatt -5,9 mill. 13,4 mill. -144.5%
       
Driftsmargin -6.0% 1.3% -577.2%

 

– Grundig merkevareprosess

Det var i november 2015 at NTB kjøpte Mentor Medium ut av Universum og blei eineeigar av dataselskapet. Selskapet omsatte i fjor for 23,6 millionar kroner, og fekk eit driftsresultat på -1,6 millionar kroner.

I tillegg til nedskrivingar opplevde NTB ein auke i kostnadane i fjor.

– Det er både som følgje av lønsauke og at det følgjer med kostnadar av nokre inntekter. Om me til dømes sel bilete av eit utanlandsk byrå, må me betale meir til dei pr. sal.

Storvik legg til:

– Alt i alt hadde me ein fin vekst inntektsmessig. Det held fram også i 2019, seier han.

Nedskrivingar av Universum-verdiar og avvikling av Scanpix-merkevara gir derimot stort utslag på rekenskapen.

– Me bestemte å avvikle Scanpix som eigen merkevare, og det skjer sannsynlegvis dette året, seier han.

– Kvifor gjer de det?

– Det er resultat av ein grundig merkevareprosess kor me konkluderte med at me berre skal bruke NTB som merkevare. NTB er ein bunnsolid merkevare som er godt kjent i heile befolkninga, seier han.

NTB inntekter 2018 2017 Endring
Nyhetstjenesten 77,8 mill. 78 mill. -0,26%
Visuell Kommunikasjon 94,1 mill. 91 mill. 3,43%
Oppdrag & Tjenester 34,3 mill. 30,2 mill. 13,52%

 

Nye tenester

NTB har no tre hovudområde dei får inntekter frå: Nyheitstenesta, foto/video i tillegg til oppdrag og tenester.

– Første ordinære driftsår med «oppdrag og tenester» var i 2018, kor me då fekk ein 10-11 prosent vekst. No ligg den veksten på 34 prosent.

Sportsdata og pressemeldingstenesta NTB Info står begge for store deler av veksten.

Sjefredaktør Mads Yngve Storvik og fersk nyheitsredaktør i NTB, Sarah Sørheim, då Sørheim vart introdusert for dei tilsette i februar.

– Dette er nye tenester NTB har vore nøydd til å satse på for å finansiere journalistikken, seier Storvik.

Også biletsalet har gått opp, i motsetnad til andre land som ifølgje Storvik opplever nedgang. På nyheitstenesta opplever dei større press.

– Når kundane våre slit i motbakke så ser dei på alle kostnadane, og kjem dermed til oss og seier dei vil ha lågare pris. Me har difor stått stille der dei siste åra. Me har unngått svær tilbakegang, men me har heller ikkje auka inntektene i takt med kostnadsauken.

– Kva skal de gjere for å halda dykk relevante og unngå at folk seier opp abonnementet eller ikkje ser behov for å bestille abonnement?

– Eit nøkkelord som du nemner er å vere relevant. Me er nøydd til å vere uerstattelege, seier Storvik. Me må jobb med å tilby nye tenester og nyheiter som er tilpassa kunden sitt behov.

 

Robotisering

Han peiker spesielt på robotisert journalistikk som ein potensiell pådrivar.

– Me er i ei tid der den gamle forretningsmodellen – «one size fits all» – ikkje passar like godt. Me jobbar med robotisering slik at éi sak kan bli til 50 saker om ikkje altfor lang tid. Dersom me skriv om bustadprisar kan Altaposten få ein tilpassa versjon, og Fædrelandsvennen ein annan, seier Storvik.

Sjefredaktør og administrerande direktør Mads Yngve Storvik i NTB. Her frå debatt om redaktørrolla under Norsk Redaktørforening sitt haustmøte i fjor.

– Det positive er at når det er færre ressursar i redaksjonane, er det meir behov for NTB. Sjølv om ein er pressa i mange medium, er ein meir avhengig av innhaldet vårt enn andre.

– Når vil de skru opp prisane?

– Me har ikkje ei generell prisliste, så det er eit resultat av forhandlingar frå kunde til kunde. Me må heile oss tilpasse oss verkelegheita som er der ute. På eit eller anna punkt går det ei smertegrense for kor billig me kan produsere nyheiter 24/7 365 dagar i året.

– Har de selt dykk for billig?

– Det er tilbod og etterspurnad som ofte regulerer pris. Vårt hovudfokus er at me får bygd opp ei teneste som kan vere med og finansiere journalistikken, på same måte som at de er nøydd til å selje annonsar for å selje journalistikken. Det dyraste ein driv med er å lage nyheiter, seier Storvik.

No fortel han om utvikling av nye produkt for å sørgje for fleire bein å stå på. Snart kjem til dømes ein mediebank, kor kundar kan oppbevare bilete og videoar. I tillegg aukar dei satsinga på ferdigsider.

Powered by Labrador CMS