Debattar, føredrag, kurs, kultur og tale av kulturminister Trine Skei Grande er noko av det som står på programmet når LLA arrangerer sitt årsmøte i Drammen førstkommande helg.
Energi
LLA-leiar Rune Hetland fortel at dei har passert 200 registrerte namn til årets happening for lokalavisfolket.
– Det eg ser mest fram til er å treffe alle dei kjekke lokalavismedarbeidarane rundt i verda. Dette er slektsstemnet, og her får me treft alle dei som lagar lokalaviser og står på heile året rundt frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør. Dette er fantastisk motiverande, seier han.
– Dette gir oss energi til det varar neste årsmøtet, seier Hetland vidare.
Ei rekkje prisar skal òg delast ut på årsmøtet. Her skal mellom anna årets lokalavis, beste journalistikk, fotografi og design heidrast.
Mediemelding
Skei Grade talar til forsamlinga 12.45, og vil etter talen leggje fram den etterlengta mediemeldinga.
– Me er utruleg spent på kulturministeren og om ho har noko nytt og spanande å koma med. Det er ingenting som hadde vore kjekkare enn om ho tok med seg mediemeldinga til Drammen. Det kan me trygt seie ville vore eit høgdepunkt, seier Hetland.
Same helg som LLA sitt årsmøte går av stabelen, er landets gravejournalistar samla i Tønsberg for SKUP-konferansen.
– Når me kolliderer med SKUP, så får me dei til å kome til Drammen for å bidra fagleg. Der har me topp førelesarar frå SKUP, Faktisk.no og andre. Det trur me vert utruleg bra, seier Hetland.
Matnyttig
Han seier vidare det er viktig å bidra fagleg for alle dei påmelde deltakarane.
– Det er forrykande kjekt og meiningsfullt å bidra med eit omfattande kompetanseprogram, med kurs til alle faggruppene som jobbar i lokalavisene. Det er viktig at me klarar å gi noko matnyttig med på vegen heim. Det er målet vårt. Dei skal ha gått med seg noko dei får dra nytte av.