Trine Steen i NTL NRK, tillitsvald for Lisenskontoret.

Avviklar TV-lisensen:

100 mistar jobben i lisensavdelinga til NRK: – Tøff melding å få, seier tillitsvald

Hovudtillitsvald Trine Steen i NTL NRK fortel om ein tøff dag for dei tilsette i lisensavdelinga i Mo i Rana.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag føremiddag orienterte Kulturdepartementet NRK om at dagens kringkastingsavgift vert erstatta med ei ny finansieringsordning frå og med 1. januar 2020.

Det betyr at alle dei 100 tilsette ved Lisenskontoret mistar jobben.

– Det har ikkje vore ein bra dag. Det er ikkje så lenge sidan det vart formidla til alle oss at Lisenskontoret vert lagt ned. Utanom det er det ikkje so mykje me veit, seier Trine Steen til Medier24.

Kulturminister og partileiar Trine Skei Grande i Venstre.

 

Har argumentert for lisensen

Dei tilsette fekk beskjeden på eit allmøte klokka 16.15 i dag.

– Det er ei tøff melding å få. Eg var her ein gong tidlegare etter nyttår. Då såg me på korleis framtida ser. Me har vore førebudd på endringar, og i det siste kjent på at det kanskje går den vegen, seier ho, og legg til:

– Å få beskjeden svart på kvitt er likevel tøft, og me i NTL NRK har jobba lenge for å argumenterte for at ei husstandsavgift ville vore best for NRK for å sikre ei føreseieleg god finansiering i tillegg til å vareta arbeidsplassane, sa ho.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

 

– Må leggja til rette

På same møte la Kulturdepartementet fram planar for oppretting av 70 nye arbeidsplassar ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

– Dei arbeidsplassane er ikkje øyremerka dei på Lisenskontoret, men det kan vere naturleg å sjå det i samanheng. Dei i NRK må leggje til rette for at dei som jobbar på Lisenskontoret må settast i stand til å søkje jobbar der. Det er ikkje gitt at dei har den riktige kompetansen, seier han.

Powered by Labrador CMS