Slik ble innsamlingsaksjonen presentert forrige uke.

Debatt

«Et varmere samfunn» og #mittfolk: Fundraiser for Leger Uten Grenser med problematisk emneknagg

- I det som såg ut som ein fin og godhjerta innsamlingsaksjon for Leger Uten Grenser er det no på sin plass å stille spørsmål til delar av kommunikasjonen som blei brukt. Frå det som i starten stod fram som ein motaksjon til ein ivrig gjeng som sendte blomster til Sylvi Listhaug, skriv Magnus Olav Hjelle.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • MAGNUS OLAV HJELLE, medieviter, Universitetet i Oslo
Magnus Olav Hjelle, medieviter ved Universitetet i Oslo

Dette er ein respons til innsamlingsaksjonen som 16. mars 2018 vart starta på Facebook av Sjur K. Almskår og Camilla Ahamath. Aksjonen blei starta av to personar frå gruppa som kallar seg for Soldiers of Are og Odin, ei gruppe for toleranse og mangfold.

Bakgrunnen for aksjonen var at det var ønska å gi Bjørnar Moxnes (Raudt) ein positiv merksemd fordi han reiste mistillit mot justisministeren. Etter fleire forslag i Soldiers of Are og Odin-gruppa om å tapetsere huset til Moxnes med roser, blei valet å starte ein innsamlingsaksjon på Facebook for eit formål som Moxnes ville ha støtta, Leger Uten Grenser.

Aksjonen nådde over 15 millionar kroner, noko som er svært gode tal og viser kva ei folkerøyrsle kan få til saman.

Denne responsen tar føre seg ein emneknagg som blei brukt mykje i aksjonen og som folk har hatt høve til å bruke i sitt profilbilde på Facebook.

Nær 17 millioner kroner ble samlet inn til Leger uten grenser.

Farlig retorikk og eit varmare samfunn

Eg fulgte denne aksjonen på avstand, og då eg for første gong såg den i helga den blei publisert, handla den om å samle inn pengar til Leger Uten Grenser. Når eg seinare var innom og såg at aksjonen hadde nådd fleire millionar i innsamla midlar, men samstundes hadde fått endra sin emnebeskrivelse i gruppa, fekk aksjonen for meg ein aldri så liten bismak.

I beskrivelsen på aksjonssida stod det no at ‘aksjonen har utviklet seg til noe større enn forventet. Denne aksjonen har blitt noe symbolsk. FOR ET VARMERE SAMFUNN! Alt monner. La oss bidra til et samfunn uten hat og farlig retorikk. #mittfolk’.

Frå å handle om ein aksjon til støtte for Moxnes virka premissene delvis endra med den nye emneknaggen.

At det var for eit varmare samfunn vil dei fleste stille seg bak, men #mittfolk er ein problematisk emneknagg. Forhåpentligvis var det berre ein litt for lite fundert emneknagg. Frå diskusjonstråden i innsamlingsaksjonen blei denne mistanken bekrefta frå ein av dei to initiativtakarane til aksjonen.

Derfor var eg likevel kritisk til å donere pengar

Eg valde derfor å tru at tanken bak #mittfolk var god, men valet om å bruke dei orda var etter mi meining ein skivebom og eg skal no skrive litt om kvifor. For tanken om ‘mitt folk’ er ein historisk potensiell farleg tanke som ein innsamlingsaksjon vanskeleg klarar å ta definisjonsmakta frå.

Ein kan ikkje forsøke å ta definisjonsmakta frå orda ein historisk veldokumentert diktator frå andre verdskrig brukte i fleire talar til sine meiningsfeller utan at det blir ein smule feil.

Å bruke ‘Mitt folk’ kan derfor bli som å svare hatretorikk med hatretorikk, sjølv om det var ubevisst i denne samanhengen.

‘Mitt folk’ kan med sin historiske forankring være farlig retorikk fordi det skapar skiller, ekskludering og tanken om at nokon er betre enn andre. Den andre brukte emneknaggen om ‘eit varmare samfunn’ treff der den skal utan å ekskludere nokon. Å bruke ord som mange assosierer som orda til ein av tidenes verste diktatorar i form av ‘mitt folk’, står i fare for å gi ein vond undertone, uansett kor god tanken bak måtte være. Dette gjorde at eg valde å ikkje donere pengar til denne aksjonen sjølv om eg støttar eit varmt samfunn.

Er dette eit nytt eksperiment? Lar vi oss lure igjen?

Dei fleste fekk seg ei overrasking av SOS Barnebyer sin ‘Gutten som fryser’, Plan Internationals ‘Stopp bryllupet’ og NOAS Joner-kampanje. Dette var kampanjer med suksess som handla om fiktive personar men som tok føre seg høgst reelle problem og utfordringar. I denne aksjonen handla det ikkje om fiktive personar, men det er verdt å reflektere over at det er problematisk å bruke orda ‘mitt folk’ i ein innsamlingsaksjon der over 70000 personar har gitt pengar, på same måte som ein kan diskutere om det er feil å føre folk bak lyset for ei god sak. Denne aksjonen var ikkje fiksjon, men den kunne nesten stå fram som eit eksperiment.

Då eg såg den problematiske emneknaggen stilte eg meg spørsmåla: Lar vi oss lure igjen? Er dette eit nytt eksperiment for ein humanitære organisasjon? Eg var grunna #mittfolk freista til å tru at aksjonen kunne kulminere i ein The Wave 2.0-hending, men tok heldigvis feil. Det høyrest liksom feil ut at ein skal få eit varmare samfunn av å prate om ‘mitt folk’, for med ‘mitt folk’ eksisterar det og eit ‘ditt folk’ og det gir for meg negative historiske undertonar.

For ordens skyld, The Wave er ein Primetime Emmy-vinnande tv-film frå 1981 som handlar om kor lite som skal til før ein blir forført av sosiale styrker og ikkje skjønnar det før det er for seint. I tider med mykje algoritmar, falske nyheiter og eit tøft politisk klima er det viktig å være kritisk sjølv om initiativ som denne innsamlingsaksjonen på overflata virkar som eit godt tiltak for ei god sak, og i dette tilfellet var det.

I tillegg er det mange som har blitt glade av denne aksjonen og gitt den stor betydning, sjølv om det sannsynligvis er Leger Uten Grenser som står igjen som den største vinnaren til slutt. Særskilt etter at Listhaug valde å trekke seg før det gikk til mistillit. For meg var det likevel viktig å sette fokuset på denne emneknaggen fordi det er ein tendens at folk ser seg blinde på bruken av slike ting når dei gir til ein god sak og denne aksjonen har blitt møtt tilsynelatande ukritisk.

Aksjonen har gitt håp

Midt opp i eit tøft politisk klima må ein ikkje gløyme å ta vare på kvarandre. Ein motvirkar ikkje hat med å ønske at andre sine blomar visnar, same kor dårlig dei står fram i det politiske landskapet.

At to personar kan lage ei gruppe som får over 70000 personar til å gi over 15 millionar til saman i løpet av kort tid er sterkt og viser at det er mogleg å finne ein felles grunn.

Samtidig viser aksjonen at sjølv om det er samla inn fleire kroner per innbyggar, så er det framleis mange som er ueinige, og slik syns eg vi skal ha det. Utan varierte mennesker og meiningar missar vi mykje av det som gjer Noreg godt, men vi må være hat og hatretorikk forutan.

Det direkte resultatet av innsamlinga blei neppe eit varmare samfunn, men den gir i alle fall håp om det, med eller utan ein problematisk emneknagg.

Powered by Labrador CMS