Marknadssjef Janice Gundersen og gründer Tom Roger Sokki. Sokki er ikkje lenger toppsjef i selskapet, men største aksjonær.

Lavo.tv vil avvikle selskapet – eit halvt år etter børsnoteringa

Styret kallar inn til ekstraordinær generalforsamling.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er Dagens Næringsliv som tysdag melder at styret i Lavo.tv ynskjer å avvikle selskapet etter at aksjekursen har rast med 96 prosent sidan børsnoteringa i juni 2018.

Det hardtsatsande tv-app-selskapet skriv følgjande i innkallinga til generalforsamlinga, kor det skal stemmast for eller mot nedlegging:

«Egenkapitalen antas å være lavere enn forsvarlig ut fra risikoen ved og omfanget av virksomheten i selskapet. Styret foreslår derfor at selskapet oppløses og avvikles.»

– Det er klart det er krevjande å sjå på at aksjekursen har fått så mykje juling utan at det er noko med selskapet som skulle tilseie ein slik reaksjon, seier gründer og tidlegare sjef Tom Roger Sokki til DN.

Eit konvertibelt rammelån hos Alpha Blue Ocean vert peikt på årsaka til kursnedgangen.

Den 3. januar trakk styreleiar Harald Sætvedt seg frå styret.

Powered by Labrador CMS