TV 2-sjefen om VG-saka: – Journalistar må tole å bli eksponert for kritikkverdige forhold

Onsdag kom TV 2 med avsløringar om korleis VG jobba fram saka om Trond Giske-videoen i februar. Sjefredaktør i TV 2, Olav T. Sandnes, meiner det er viktig å sjå media i korta.

Publisert

I ei lang sak på TV 2 onsdag kveld skuldingar kvinna, som dansa med Trond Giske på Bar Vulkan i februar, VG-journalist Lars Joakim Skarvøy for å ha ein agenda i saka.

– Då han las opp artikkelen for meg, sa eg klart frå om at han måtte fjerne den delen av sitatet. Då sa journalisten at «då ser det rart ut». Eg svarte at «ja, men då får det berre sjå rart ut». Han argumenterte mot meg heile vegen, sjølv om eg gjentok at eg ikkje opplevde hendinga som ubehageleg, seier ho til TV 2.

– Viktig sak

Til Medier24 seier sjefredaktør Olav T. Sandnes i TV 2 at det er media sitt måndag å setje søkjelyset på korleis media forvaltar si makt.

Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit og journalist Lars Joakim Skarvøy. Her frå under det svenske valet.
Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit og journalist Lars Joakim Skarvøy. Her frå under det svenske valet.

– I TV 2, i likskap med resten av pressa, er det vår oppgåve å følgje makta – og mediemakt er òg makt. Dette er ei viktig sak for alle involverte, og difor er det naturleg for oss å dekkje den, seier han.

I Vær Varsom-plakaten (punkt 1.4) står det òg tydeleg at «det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle.»

– Er dette noko mediene bør bli flinkare til?

– Eg skal ikkje gi media ein generell karakter på dette, men om noko så er dette eit døme på at me nettopp gjer det. Det opplever eg òg at til dømes VG gjer i mange saker. Det skulle det berre mangle at me toler av kvarandre, seier Sandnes.

– Godt journalistisk arbeid

Han meiner saka er eit bevis på at mediene er opptekne av å søkje sanninga, og at dei tradisjonelle mediene i Norge er langt frå ein felles allianse.

– For meg er det viktig at sjølv om folk snakkar om «mainstream media» og opplever at media beskyttar kvarandre, så er ikkje det tilfellet i Norge. Det er ei sunn haldning til dette, der all makt skal sjåast i korta – ikkje minst pressas makt, seier han.

Sidan hendinga fann stad på Bar Vulkan i februar er det mange som har forsøkt å få kontakt med dei to kvinnene som høvesvis filma og dansa på videoen. TV 2 ynskjer ikkje å gå inn på korleis dei jobba med å få kvinnene i tale.

Olav Terjeson Sandnes, direktør i TV 2.
Olav Terjeson Sandnes, direktør i TV 2.

– Dette er godt journalistisk arbeid av grundige og dyktige TV 2-journalistar, men eg kjem ikkje til gå i detalj på korleis det er gjort, seier han.

– Må tole medietrykk

I TV 2 sin artikkel er VG-journalist Skarvøy nemnt allereie i første avsnitt av artikkelen. Det er òg fleire bilete av journalisten i saka. Sjefredaktør Gard Steiro er òg sentral i saka, men ikkje før lenger ned i saka.

I Redaktørplakaten heiter det at «den ansvarshavande redaktør har det personlige og fulle ansvar for mediets innhold».

– Kva vurderingar gjorde de rundt identifisering og fokus på den enkelte journalist, som i dette høvet er Lars Joakim Skarvøy?

– Eg trur at journalistar, i likskap med andre, må tole å bli eksponert når det er potensielt kritikkverdige forhold. Det me gjer no er å setje lys på ei sak, og stille spørsmål. I vårt virke er det viktig å tole det medietrykket som våre intervjuobjekt vert stilt overfor.

Powered by Labrador CMS