Stavanger Aftenblad markerte nyleg at Lars Helle sin lange karriere som sjefredaktør i avisa er over.
Fleire av Aftenbladets gjekk for anledninga saman i eit husband, som mellom anna framførte låten «All you need is Lars», basert på Beatles-låten «All you need is love». Det sat hovudpersonen sjølv stor pris på.
– I utgangspunktet er eg ikkje noko stor fan av avskjedsseremoniar, og hadde eigentleg grua meg til dette før jul, før det heile blei koronautsett, seier Helle til Medier24.
Og held fram:
– Dette var utruleg flott. Dei er ekstremt proffe folk, og det er berre å bøye seg i hatten for dei. Dette var kjempekjekt.
Låten kan du høyre i videovindauget øvst i saka!
– Både travelt og kjekt
Etter ti år som sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, tek Helle no fatt på ein ny periode som leiar i Dagbladet.
Tidlegare har han vore sjefredaktør der, mens han no har gått inn i ei rolle som stabsredaktør. Han fortel at den fyrste tida hjå Dagbladet har vore fin.
– Det har vore kjempekjekt. Eg er i full gang i Dagbladet, og det har både vore travelt og kjekt. Eg er godt i gang her, og så fekk eg eit lite tilbakeblikk på ein times tid, med ein digital avslutning i Aftenbladet i går, seier Helle.
Blant dei som utgjorde husbandet som spelte til ære for Lars Helle, var kulturjournalist og klubbleiar Jan Zahl.
Han fortel at det er mange dyktige musikarar blant kollegaene hans i Aftenbladet, og at det både finst tradisjonar for husband og humor i avisa.
– Når det skulle vore avslutning med masse folk, var det nesten sjølvsagt at det måtte bli livemusikk. Som nå dessverre måtte bli eit digitalt opptak, seier Zahl til Medier24.
Hyllest med Beatles og Bob Dylan
Zahl fortel at teksten til låten som husbandet framførte, er skriven av kulturjournalist Leif Tore Lindø.
– Han er ein av Noregs fremste i å skriva alternative – og aller helst litt frekke – tekstar på alt frå «Jeg er havren» til Beatles, seier Zahl.
Samstundes fortel Zahl at husbandet aldri tidlegare hadde spelt saman, før dei tok fatt på låten som skulle hylle Lars Helle.
Når dei fyrst kom saman, tok det ikkje lang tid før dei fant ut av det, seier han.
– Me var klare for øving litt før kl. 18. Då visste me ikkje heilt kven som skulle spela kva instrument på dei to songane me skulle øva inn. Me tok Dylans «Forever young» også med Dylans tekst.
– Klokka 19 kom fotograf Fredrik Refvem og rigga opp to kamera. Så spelte me eit par gonger gjennom kvar låt. Versjonen som blei brukt, var første take. Heile dokumentaren om den kreative prosessen bak det ferdige produktet kjem på Disney+ om 50 år og vil få tittelen «Get Back 2», seier Zahl til slutt.