generalsekretær Rune Hetland i LLA og styreleiar Roar Vigeland Osmundsen.

DEBATT:

Regjeringa tar ikkje konsekvensen av dei utfordringar norske medier har med å finansiere journalistikken

Regjeringa sviktar media og lokalavisane får ikkje nødvendig løft. , skriv generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for Lokalaviser (LLA).

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • RUNE HETLAND, generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser (LLA) og ROAR V. OSMUNDSEN, styreleder LLA.

Lokalavisene slepp kronekutt, men får ikkje nødvendig løft. Regjeringa tar ikkje konsekvensen av dei utfordringar norske medier har med å finansiere journalistikken.

I forslaget til statsbudsjett for 2018 vert produksjonstilskottet redusert med 25,7 millionar kroner.

Lokalavisene vert skjerma, men utan inflasjonsjustering er dette i praksis kutt for femte året på rad. Dette er svært skuffande.

Denne regjeringa sitt eige utval, Mediemangfoldsutvalget, la i vår fram ein rapport som peika på at det akkurat nå er ei kritisk tid for finansiering av samfunnsviktig journalistikk og at dette tilseier særleg offentleg innsats akkurat nå.

Utvalet foreslo ei rekkje tiltak, men det er berre smular av desse i forslaget til Statsbudsjett.

Regjeringa foreslår ei ny tilskottsordning til innovasjon i lokalaviser. Landslaget for lokalaviser, LLA, set pris på at regjeringa med dette gir ei solid anerkjenning av den viktige og gode jobben lokalavisene har gjort og gjer i sine lokalsamfunn, og at dei er sentrale for å sikre mediemangfald i heile landet.

Men ingen kan løne journalistar med fine ord. Den nye støtta på sju millionar veg ikkje opp for manglande løft i produksjonstilskottet.

LLA er også bekymra for norsk medie- og meiningsmangfold når det blir foreslått så sterke kutt til nummer 2- og riksaviser.

Regjeringa burde heva produksjonstilskottet for å gi avisbransjen drahelp i vanskelige omstillingstider. Bransjen har spesielt krevjande tider med å oppretthalde annonseinntektene.

LLA vil få understreke at mediepolitikk er demokratipolitikk. Det er eit spørsmål om kva samfunn vi vil ha. Lokalavisa er den einaste seriøse fellesarenaen for innbyggarane i dei ulike lokalsamfunna der alle lever sine liv.

Den må sikre at borgarane i framtida best muleg kan ivareta sine demokratiske rettar og plikter.

Den største styrken til det norske samfunnet er at vi har høg sosial kapital med tillit til samfunnsinstitusjonane. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom mediepolitikken.

Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, blir den sosiale kapitalen tappa og tillitssamfunnet vil gradvis forvitra. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.

LLA vil arbeide for at Stortingsfleirtalet skal sørge for eit nødvendig løft i støtta til lokalavisene slik at dei kan fortsetje å levere god og viktig journalistikk både på papir og i aukande grad på digitale plattformer.

Powered by Labrador CMS