Forfatter Kristin Fridtun.
Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Språkprisen 2019 går til Kristin Fridtun
– Ho er ein språkmektig forfattar i dobbel tyding, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kristin Fridtun (f. 1987) har tidlegare stått på kortlista til Språkprisen, men i år meinte juryen at det var umogleg å gå forbi henne, skriv Språkrådet i ei melding.
Jurymedlem Merete Røsvik seier at Fridtun har markert seg som ein produktiv forfattar og samfunnsdebattant med særs god formidlingsevne og stor språkglede.
– Ho har tilført den offentlege debatten nye perspektiv både på språk og i spørsmål om kjønn og seksualitet, og ho viser alltid vilje til å saumfara både eigne og andres standpunkt. Slik gjev ho eit viktig bidrag til å halde den offentlege samtalen sakleg og konstruktiv, til inspirasjon for oss alle.
Juryen skriv mellom anna dette om vinnaren:
«Kombinasjonen av gode analytiske evner og evna til å sjølv finne klargjerande språklege bilete gjer Fridtuns tekstar både lærerike og underhaldande. Fridtun lærer oss å vere meir kritiske i omgang med dei orda vi røyner verda med».
Kvart år deler Språkrådet ut Språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk. I år har nynorsken stått for tur. Prisen blir delt ut av direktør i Språkrådet Åse Wetås.
– Det er ei glede å gje denne prisen til Kristin Fridtun. Ho er ein språkmektig forfattar i dobbel tyding. Ho har stor fagkunnskap om språk, samtidig som ho brukar språket på ein levande og kreativ måte, seier Wetås.
Prisen blir delt ut onsdag 20. november på Litteraturhuset i Bergen klokka. Prisen er på 100 000 kroner. Blant dei tidlegare vinnarane finn vi Maria Berg Reinertsen, Alfred Fidjestøl og Ivo de Figueiredo.