TV 2-reporter Pål T. Jørgensen.

Kommentar

«Korrespondentene» er både rørande, underhaldande og viktig. Men litt utdatert

(Anmeldelse): TV 2 tek sjåarane med på krig, elende og lettbeint underhaldning. Det gir eit unikt innblikk i ein utfordrande korrespondentkvardag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Første måndag etter nyttår var det premiere på TV 2 sitt nye program, «Korrespondentene», kor dei har følgt kanalen sine utanrikskorrespondentar over fleire år.

Allereie i første episode vert me betre kjent med TV 2-veteran Pål T. Jørgensen og fotograf Halkawt Mustafa som rapporterer frå fronten i Irak og kampen mot IS. I same episode er reporter Bent Skjærstad og fotograf Ole Enes Ebbesen send til Berlin for å dekkje terrorangrep.

I løpet av dei tre første episodane kjem me også tett inn på reporterane Sonja Skeistrand Sunde og Øystein Bogen og fotografane Geir Huneide og Lars Christian Økland.

Det er fleire grunnar til at serien er både rørande, viktig og i det heile teke god underhaldning.

I ei tid med stadig aukande mistillit til mediene, gjer journalistane sitt ytste for å auke truverdet til journaliststanden. Det trur eg den røynde journalisten Jørgensen gjer når TV 2 sin nye tv-serie skildrar hans arbeidsforhold i Midtøsten.

«Ein ting som alle er einige om, er å ikkje dra til den delen», seier fotograf Mustafa til til Jørgensen når dei planlegg reportasjetur i første episode. «Ja, då drar me då», er den umiddelbare responsen til Jørgensen.

«Korrespondentene» på TV 2

  • Programserie som følgjer TV 2 sitt utanriksteam med journalistar og fotografar.
  • Møter journalistane Øystein Bogen, Bent Skjærstad, Fredrik Græsvik, Sonja Skeistrand Sunde og Pål T. Jørgensen.
  • Premiere måndag 7. januar 21:40. Tre episodar ute på TV 2 Sumo. I august kjem dei to siste episodane.
  • Produsert av Screen Media.

Ei uredd innstilling som gjer Jørgensen til blant Norges viktigaste korrespondentar.

I løpet av reportasjeturen må det tidlegare nyheitsankeret både dukke for snikskyttarar, og vitne haglande granatar – medan dei førebur intervju.

Likevel er det krig, elende og djupt tragiske skjebnar som gjer sterkast inntrykk i Korrespondentene.

Når krigane ikkje får like mange minuttar på TV 2 sine nyheitssendingar, som følgje av harde redaksjonelle prioriteringar, er Korrespondentene eit bra tilskot til floraen av tv-bilete som skal skildre elendet som skjer utanfor landegrensene.

Det gjeld også når journalist Skeistrand Sunde vitjar «den gløymde krigen» i Jemen. Som ho sjølv seier på tampen av andre episode:

«Eg forstår at mange kan tenkje: «Å, nei. Nok ein krig i Midtøsten. Kvifor i alle dagar skal me bry oss?» Det er sjølvsagt ekstremt mange grunnar til kvifor me skal bry oss. Av og til ynskjer eg at eg kunne hoppe gjennom eteren, ut i stova til alle, riste i dei og seie at dette faktisk er ekstremt viktig. De MÅ forstå kva som skjer.»

Serien er også ei forteljing om mentale prøvelsar for dei utsende. Personlege møter med menneske i krig, framandspråk og -kultur, i tillegg til låg infrastruktur og alt det kan medføre av tekniske problem – som sjeldan eller aldri kjem til syne i nyheitssendingane.

I tillegg får den elles usynlege fotografen sin velfortente merksemd.

Det største ankepunktet mot TV 2 sin nye serie er likevel at dei kan ha følgt korrespondent-teamet sitt i overkant lenge. Når kalenderen viser 2019 mistar ein heil episode, utelukkande med klipp frå 2016, aktualitet då innhaldet, som i stor grad er om nyheiter, framstår utdatert.

I tillegg kan episodane bli for lange, og til tider kan det bli vanskeleg å hengje med i alle 44 minuttane.

Men etter fleire år med kutt, nedskjeringar og oppseiingar er det viktig at den kommersielle allmennkringkastaren tek utanriksoppdraget på alvor, sender journalistar dit dei må vere, og held nordmenn oppdatert på det som skjer i resten av verda.

Anten det er kongeleg bryllaup i London, presidentval i New York eller krig i Midtausten.

Det bør TV 2 halda fram med.

Korrespondentene bidreg til å synleggjere kor viktig nettopp det er.

Uavhengig om du er navlebeskuande journalistkollega eller Ola Nordmann.

Powered by Labrador CMS