Schibsted-huset i Oslo.

Schibsted vurderer å stenga kontora sine i beredskaps­test

Gigantkonsernet i Akersgata vil sjå om deira tekniske løysing toler at folk jobbar heimanfrå.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det sa kommunikasjonsdirektør Atle Lessum i Schibsted under eit NHO-medlemsmøte om koronaviruset måndag.

– Me i Schibsted sit og vurderer om me skal stenge ned kontora våre for å testa om den tekniske løysinga vår toler at alle sit og jobbar heimanfrå, innleia Lessum framfor forsamlinga.

Vidare sa han:

Atle Lessum, kommunikasjonsdirektør i Schibsted.

– At me då stenger ned Akersgata, VG-huset, og så kan me stenge ned Finn i Grensen, og så Stockholm-kontoret. Så me ikkje tek alle på ein gang. Men tek dei store lokasjonane våre. Er det andre som har vurdert å gjera det same?

Lessum understreka at det aller mest ein teknisk test for å sjekka om til dømes videokonferansesystem fungerer når dei har heimekontor.

Ikkje lurt, meiner NHO

I Schibsted sine lokale i Akersgata sit mediehus som VG, Aftenposten og E24.

Lessum fekk umiddelbart svar frå Odin Johannessen, direktør i Næringslivets Sikkerhetsråd, om at det nok ikkje var lurt med tanke på spreiing av frykt i organisasjonen.

Camilla Kim Kielland, kommunikasjonsdirektør i Schibsted News Media.

– Eg trur det kan spinne av seg ein del negativ effektar som du kanskje ikkje hadde sett føre deg og som er umogleg å ro i land etterpå, sa Johannessen.

Før helga vart det kjent at industriselskapet Elkem stengde ned sitt hovudkontor i Oslo, slik at over 100 personar måtte jobbe heimanfrå.

Halvor Molland, kommunikasjonssjef i Norsk Hydro, sa at også dei vurderte det same tiltaket.

– Hypotetisk

Kommunikasjonsdirektør Camilla Kim Kielland i Schibsted News Media seier til Medier24 at dei enno ikkje har teke ei endeleg avgjersle.

– Som ein del av beredskapen ser me på om potensielt alle i Schibsted måtte jobbe heimanfrå. Men stadig er me berre på det teorietiske planet, seier ho.

– Betyr det at VG og Aftenposten må jobbe heimanfrå i ein test?

– Me ville aldri sett i gang ein test som er kritisk for produksjonen eller redaksjonane. Me ville aldri kunne stenge ned heile verksemda, fordi det ville fått konsekvensar for deler av redaksjonane. I ein test, som skal vera så verkelegheitsnær så mogleg, vil me aldri gjera noko som går utover produksjonen til mediehusa, seier ho.

Kva det inneber heilt konkret har dei enno ikkje kartlagt, seier Kielland.

Gard Steiro, sjefredaktør i VG.

Sjefredaktør Gard Steiro i seier til Medier24 at ei eventuell øving ikkje må råka produksjonen av VG og tilbodet til brukarane deira.

– Det vil vera mogleg å halda oppe forsvarleg drift utan tilgang til lokala, men dette er altså eit hypotetisk spørsmål ettersom det ikkje er bestemt å gjennomføra ein slik test, held han fram.

Politisk redaktør Hanne Skartveit har tidlegare skrive om då VG vart bomba ut av kontora sine 22. juli 2011, og måtte laga avis frå Hotel Bristol.

Powered by Labrador CMS