ERIK BOLSTAD, sjefredaktør for SNL.no.

100 millionar SNL-artiklar ble lest i fjor: «Alle» ville lese om Svartedauen og kohort

– Vi har verkeleg fått sjå korleis folk flokkar seg til SNL for å finne fakta, seier sjefsredaktøren.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Etter fleire år med høg vekst i brukartal, nådde Store norske leksikon ein milepæl i pandemiåret 2020: For fyrste gong har det blitt lese meir enn 100 millionar leksikonartiklar på eitt år.

I snitt las kvar nordmann over 20 artiklar i SNL i fjor.

– Desse tala gjer oss utruleg glade, men òg audmjuke for tilliten det norske folket viser oss, seier sjefredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad.

På få år har SNL gått frå å vere eit utdatert og lite lese nettleksikon med betalingsmur og reklame til å bli ein av dei største nettstadene i Noreg med fri og oppdatert kunnskap tilgjengeleg for alle.

– Og under pandemien har vi verkeleg fått sjå korleis folk flokkar seg til SNL for å finne fakta i ei tid prega av forvirring og uro, seier Bolstad.

Då skulane i Noreg stengde i mars og mange elevar og familiar måtte klare seg med dei ressursane dei hadde tilgang til heimefrå, skaut lesartala på typiske skuleemne som litteratur, historie, samfunnsfag og naturfag i vêret. 

Men òg medisinartiklar knytt til epidemiar, virus og vaksinar – tema som heile folket har vore oppteke av – fekk eksplosiv auke i lesartal.

– Store norske leksikon viste seg å vere godt rusta i møte med ein global pandemi og nedstenging av samfunnet, og dét er takk vere den store innsatsen som dei norske universiteta og deira tilsette har lagt i å styrke SNL over fleire år, seier Bolstad.

Svartedauen og Kohort var ord som blei ekstra viktige for SNL i året som gjekk. 
Powered by Labrador CMS