Medietilsynet opnar opp for søknader torsdag 10. september kl. 12.00, med søknadsfrist torsdag 17. september kl. 12.00 etter at regjeringa no har vedteke ei endring i forskrifta for koronakompensasjon for redaktørstyrte medium. –
– Saksbehandlinga har høgaste prioritet, og vi betaler ut stønad så snart som mogeleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Regjeringa har endra den opphavlege forskrifta, slik at det i berekninga no anten skal takast utgangspunkt i eit gjennomsnitt av driftsresultata for fjoråret multiplisert med 3,5 månader eller driftsresultatet for perioden frå og med 15. mars til og med 30. juni 2019.
Endringa er gjord for å sikre at berekningsmetoden ikkje får utilsikta negative effektar for nokre medium på grunn av sesongvariasjonar i økonomien.
Les meir om endringa i mediekompensasjonsordninga her, som no altså er vedteke.
– Sidan det blir mogeleg å velje metode for berekning, kjem ingen medium dårlegare ut etter endringa av forskrifta, seier Velsand.
Medietilsynet treng informasjon frå søkaraneAlle medium som allereie har søkt, og som ønsker å bruke den nye berekningsmetoden, må legge inn nye opplysingar via Medietilsynet sin sjølvbetjeningsteneste Min side.
Medium som ikkje søkte koronakompensasjon i førre runde, men som meiner dei er kvalifiserte, har også moglegheit til å søkje støtte. Då oppfordrar vi til å registrere seg som brukar snarast. Her finn du informasjon om korleis du søker stønad.
– Medietilsynet set inn alle tilgjengelege ressursar for å handtere søknader raskt, slik at kompensasjonen kan utbetalast snarast mogeleg etter at nødvendige opplysingar er sende til oss, seier Velsand.