Helgepraten:

– Eg kan nærast kaste ting mot TV-en når eg ser meg sjølv på skjermen

Politisk kommentator i TV 2, Mathias Fischer (25), flytta til hovudstaden i november. No fryktar han å bli slukt av «Oslo-bobla».

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Mathias Fischer har allereie snart fem år bak seg som kommentator, etter at han fekk tillit i Bergens Tidende som 21-åring. No har bergensaren flytta til Oslo, blitt rikssynsar på TV 2, og blant dei få som faktisk innrømmer at han er ein del av den heftig debatterte osloeliten.

– Eg gjekk aldri med ein draum om å flytte frå Bergen. Det var litt tilfeldig at det skjedde, seier Fischer til Medier24.

– Hadde du ein draum om å jobbe i riksavis eller tv?

– Nei. Aldri.

 

Stal skjorta til Morten Sandøy

Hausten 2018 byrja eit nytt kapittel for den tidlegare Unge Venstre-politikaren Mathias Fischer. Bergensaren forlét Bergens Tidende, og vart lokka inn til TV 2, som var naboen til Bergens Tidende på Media City. Der skal han leie debattavdelinga, og meine om politikk i beste sendetid på TV 2. 

Mathias Fischer er politisk kommentator i TV2. Foto

Målet til TV 2 var å avlaste mangeårig kommentator Aslak Eriksrud, og i første omgang skulle han eigentleg jobbe frå Bergen. Då kjærasten, Guro Borchgrevink Valland, fekk jobb som ansvarleg for redaksjonell innsikt i Dagens Næringsliv, blei han med på flyttelasset.

– KrF-hausten var ekstrem, svarar Fischer på spørsmål om stillinga inneber mykje arbeid.

Første veka på jobb fekk Fischer beskjed om å ta det med ro, bli kjent med folk, og at han ikkje skulle på lufta – heilt enno.

– Plutseleg gjekk Ketil Solvik-Olsen av som statsråd. Då «small» det i TV 2, og eg måtte berre springe opp og stele ei skjorte av anker Morten Sandøy, setje meg i studio og byrje å prate. Det første eg gjorde var å seie feil namn på Kjell-Børge Freiberg (Frp), som eg ikkje eingong visste kven var, seier Fischer.

Sidan har det gått slag i slag. Både for TV 2, Fischer, og norsk politikk. Boklansering av Knut Arild Hareide, vegval for Kristleg Folkeparti, og ny regjering var hovudingrediensa i norsk journalistikk hausten 2018.

– Det har vore ein intens haust. Det er når det brenn det er kjekt for oss i denne bransjen. Det er noko med det å ta seg tid til å stoppe litt opp, og ikkje berre springe etter siste KrF-utspel, seier han.

Den unge vestlendingen har lenge markert seg som ein stødig kommentator trass sin unge alder. Sjølv meiner han det kan bli for mykje spådommar, overflatisk og føreseielege saker i politisk journalistikk.

– Umiddelbare reaksjonar frå til dømes Jonas Gahr Støre på eit KrF-utspel er ikkje interessant. Det kan bli interessant seinare. Det som er interessant er korleis prosessen skal løysast, seier han.

– For mykje politisk journalistikk er slik «her er ei sak – dette meiner opposisjonen». Veldig føreseieleg. Me har ein veg å gå på å ta inn riktige kjelder på reaksjonar på politikk som vert gjennomført, legg han til.

 

Talentfabrikken BT

Sjølv har Fischer gått skulen i Bergens Tidende. Med Hilde Sandvik, Frank Rossavik og Gard Steiro som sjefar. Som 21-åring viste dei han tillit til å ta steget opp som fast kommentator i Norges største avis utanfor Oslo.

– Då eg opplevde så sterk støtte frå kjempedyktige redaktørar som eg respekterer og likar, var det ikkje så skummelt. Eg stolte på at dei veit kva dei driv med. Men kor mykje merksemd ein kan få, og kor sinte folk kan bli, kom som eit lite sjokk, seier han.

– Hadde folk tillit til ein 21-åring som kommentator?

– Eg trur faktisk det, men omtrent kvar gong eg skreiv noko var det nokon i kommentarfeltet som påpeikte anten alder eller at eg hadde bakgrunn frå Unge Venstre. Sakene vart lese, delt, og eg fekk støttande e-postar av alle moglege folk.

No er Fischer blitt blant mange av tidlegare Bergens Tidende-tilsette som har fått toppstillingar i Oslo.

Politisk kommentator i TV 2, Mathias Fischer.

Steiro er sjefredaktør i VG, Frode Buanes og Guro Borchgrevink Valland er høvesvis redaksjonssjef og ansvarleg for redaksjonell innsikt i Dagens Næringsliv, Trond Olav Skrunes er nyhetsleiar i VG, i tillegg til at Rossavik er blitt kommentator i Aftenposten. Politisk redaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, kom har òg bakgrunn som redaktør i Bergens Tidende.

Det er langt frå alt han har skrive om han er like nøgd med. Fleire av dei har han fortrengt. 

– Mange av kommentarane har eg heilt gløymd, og ingen planar om å hugse, seier Fischer.

Kanskje burde han heller aldri ha skrive dei? Spørsmålet meiner Fischer fleire norske kommentatorar bør stille seg når dei skal skrive ein kommentar.

– Har dette temaet behov for at eg melder meg på? Ofte kan ein ha eit nytt og interessant perspektiv, men det er ikkje nødvendig at 100 kommentatorar seier at abortsaka kan bli eit problem for Erna Solberg.

Men korleis er det å vere kommentator på tv samanlikna med i avis? Annleis. Og krevjande.

– Eg er veldig glad i språk, flikke på setningar og finne dei gode formuleringane, men når du står på direkten kan du ikkje gå tilbake og formulere om, seier han.

– Mamma er oppteken av at eg må snakke rolegare. Det prøver eg å bli flinkare til. Ein vert òg veldig bevisst på kroppsspråk. Augebryna mine beveger seg mykje når eg snakkar – og i blant kan eg nærast kaste ting mot TV-en når eg ser meg sjølv på skjermen, fordi det ikkje ser bra ut, seier han.

 

Elitedebatt

I utgangspunktet skulle ikkje dette bli nok ei sak, eller innspel, i elitedebatten, som for alvor vart sett i gang av Trygve Slagsvold Vedum i Klassekampen like før nyttår. Likevel er det vanskeleg å kome unna.

– Eg er kommentator og rikssynsar i hovudstaden, og vil sjølvsagt bli rekna som ein del av eliten, seier Fischer.

– Er du ein del av eliten?

– Eg sa jo sånn sett nettopp at eg er det, men eg føler meg ikkje som ein del av eliten når eg ligg i sofaen med hettegenser og joggebukse, et chips og spelar PlayStation, seier han.

Senterpartiet-leiar Vedum har nemleg ei ti punkts liste over «reglar» som skal hindra han i å stå fram som elite. Blant dei handlar om å konsekvent ikkje gå i fast-track på flyplassen, sjølv om han har billett til det. Det meiner Fischer er feil måte å angripe problemet på.

– Vedum har rett i at det finst ei elitistisk gruppe som han halvvegs beskriv riktig, men eg trur han er meir oppteken av å slå politisk mynt på det enn å kome med ei presis analyse av problemet, seier Mathias Fischer.

– I den lista var det mykje rart som handla om å ikkje stå fram som elite. Det var jo avslørande frå Vedum. Generelt ser ikkje norske politikarar særleg elitistiske ut. Dei flyr ikkje rundt på privatfly og har ikkje sjukt med pengar. Mange av dei eter faktisk wienerpølse og kebab, legg han til.

Ei rundspørjing Klassekampen gjorde på NHO sin årskonferanse viste at følgjande personar ikkje ville innrømme at dei var ein del av eliten: Øystein Olsen (sentralbanksjef), Olaug Svarva (styreleiar, DNB), Hilde Sandvik (Broen.xyz), Kristin Halvorsen (CICERO-direktør) og Trygve Hegnar (Finansavisen-redaktør). Dagens mektigaste opposisjonspolitikar, Jonas Gahr Støre, måtte leggje til eit «kanskje» på svaret om han var ein del av eliten.

Må vere bevisst makta

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet under finansdebatt på Stortinget. Vedum starta før nyttår ein langvarig elitedebatt.

Fischer trur han veit kvifor det er så få som vil seie at dei er ein del av eliten.

– Det høyrast ut som ein meiner at ein er betre enn andre, og det er jo ikkje noko ein likar å seie at ein er i Norge.

– Dei første sitata frå Vedum om folk som er politisk korrekt, har elsyklar og meiner det ikkje er bra å ete for mykje kjøtt, er berre tull, og heilt feil karikering av debatten. Seinast for to dagar sidan gjekk eg innom Eilefs kor dei borgarlege partia feira ny regjering. Det er òg eliten. Frp-arar som vil drepe så mange ulv som mogleg, som på ingen måte køyrer elsyklar og elskar det same som Vedum. Fleire av dei har slutta i regjeringsapparatet og har teke seg jobb i pr-byrå. Dei er òg ein del av eliten. Det er ikkje dei politiske standpunkta som er det største problemet ved konsentrasjon av makt, men forståing av verkelegheita og vennskap og kjennskap som er utfordringa, seier Fischer vidare.

– Er du blitt slukt av Oslo sjølv?

– Eg er iallfall redd for å bli slukt av Oslo-bobla, og eg kjenner på kor lett og umerkeleg det skjer.

– No er eg oppdratt i Bergens Tidende, og der er ein bevisst på rolla som den største avisa utanfor Oslo. Ei solid regionavis for Vestlandet og den vestlandske identiteten og ei motvekt til bobla i Oslo.

– I Oslo er det ei gruppe menneske – journalistar, politikarar og politiske rådgjevarar – i tillegg til det aukande problemet med lobbyistar og pr-rådgjevarar, som går på dei same festane og arrangementa, som er der ein får mykje av diskusjonar, rykter, og kva som er viktige saker. Det pregar journalistar og politikken. Det er ikkje til å koma unna, seier Fischer.

TV 2-kommentatoren har som jobb å formidle eigne analysar, synspunkt og meiningar framføre fleire hundre tusen sjåarar i beste sendetid. Jobben krev dagleg kontakt med det politiske miljøet og ein nærleik til makta svært få andre har. Sjølv er han usikker på om han fortener makta han får i kraft av sitt daglege verke.

– Fortener eg å ha meir makt enn andre folk? Me bør vere bevisste på det, og det er særleg pressa og politikarane sin jobb å leggje til rette for at fleire menneske kan ha den type makt og påverknadskraft. Å erkjenne at ein er elite medfører eit ansvar.

 

Mathias Fischer på boklansering av den uautoriserte biografien om tidlegare justisminister Sylvi Listhaug. Her saman med redaktør Håvard Friis Nilsen.

– Heilt jævlig

Ved sidan av kommentatorgjerninga bestemte Fischer seg på å begi seg ut på oppgåva å skrive ei bok om Frp-politikar Sylvi Listhaug. Utan at ho sjølv ville bidra. I 2017 debuterte han med boka «Kors på halsen; sanninga om Sylvi Listhaug», kor han gjorde sitt beste på å skildre forhold som utgjer dagens Listhaug.

– Eg vil skrive fleire bøker. Det er veldig tilfredsstillande å få det til, seier Fischer.

Boka fekk terningkast fire av både VG og Dagbladet, men tida rundt lansering vekkjer ikkje gode minner for forfattaren.

– Alt det var heilt jævlig. Eg var møklei boka då den vart lansert, seier han.

Boka var òg det som sette ein stoppar for at Fischer fullførte filosofiutdanninga si ved Universitet i Bergen.

– Eg manglar berre oppgåva for å ha ein bachelor, trur eg. Året eg skulle skrive den jævla oppgåva byrja eg å skrive boka om Sylvi Listhaug, seier han.

No har Fischer budd i Oslo i drygt to månadar, og han held på planane om å flytte tilbake til Bergen.

– Eg har lyst til å flytte tilbake til Bergen ein gong, men eg veit at mange innflyttarar til Oslo har sagt det før, seier han.

Powered by Labrador CMS