NRK opplever utfordringar knytt til bemanning under koronakrisa. Dette er eit illustrasjonsbilete, og vart teken under kommune- og fylkesvalet i 2019 på Marienlyst i Oslo.Erik Waatland
Store bemanningsutfordringar i NRK: Tilsette må omplasserast
Rikskringkastaren må kasta om på folk og prioriterer nyheitsdekninga på kostnad av andre program.
Korona-epidemien har sett heile befolkninga på prøve, spesielt etter at regjeringa stengde ned store deler av landet før helga.
Nyheitene er prioritert
No slit ei rekkje redaksjonar med at folk anten er smitta, er i karantene, eller har heimekontor. Hos NRK byr deg på store utfordringar knytt til nyheitsproduksjonen.
– Me har ein produksjon, for tv og radio, som krev at ein del folk er fysisk til stades på Marienlyst, seier redaktør Knut Magnus Berge i NRK Nyheter til Medier24.
Han legg til:
– Me har no definert nyheitene som prioritert. Det betyr at me har tilgang på personale frå andre deler av NRK, som kan komma inn og fylla posisjonar. Utfordringa er at dette er jobbar som dei til dagleg ikkje gjer, og det er til dels ganske avanserte oppgåver, spesielt for dei som er knytt til det meir tekniske, seier han.
Urix sett på vent
Som følgje av bemanningssituasjonen og omplassering av medarbeidarar blir NRK sitt tilbod skadelidande.
– Det blir aktuelt å ta ned produksjonar, men eg er ikkje i stand til å seia kva deler av NRK det blir, seier Berge. Alt er premieren på ny sesong av Urix sett på vent.
Men nyheitene er freda. Faktisk vurderer kanalen utvida Dagsrevyen-sendingar i desse dagar.
– Det blir viktig å halda opp distriktsdivisjonen, lokale nyheiter er veldig viktig i den situasjonen me er i. Det vil ikkje vera der me kuttar først, seier han.
– Ikkje alvorleg, men krevjande
Berge legg til at kanalen har store ambisjonar, og at dei vurderer eiga rolle som svært viktig, og samfunnskritisk.
– Me køyrer dekning frå 06:30 om morgonen til Kveldsnytt på tv og radio, og sjølvsagt nett døgeret rundt, og det krev ganske mykje av oss i ein situasjon der deler av arbeidsstokken er sett ut av spel og andre er i uvande situasjonar, seier Berge.
– Kor alvorleg er situasjonen?
– Eg vil ikkje seia den er alvorleg, men krevjande. Det er ikkje slik at me står i fare for å ikkje få til det me har planlagt.
– Kor uroa er de for kva som kan vera i vente?
– Dette er lika uføreseieleg for oss som får alle andre, og kva nye råd som vil koma frå helsemyndigheitene er vanskeleg å spå.