I 2015 kom verda til Norge, bokstaveleg tala. Krig, konflikt og folks ønske om eit betre liv gav ei tilstrøyming av asylsøkarar som prega Norge. Ei sympatibølge på seinsommeren fekk direkte innverknad på kommunevalet, så svinga pendelen og hausten gav ei kraftig innstramming av innvandringspolitikken.
NRKs journalistar har i 2015 vore i Syria, i nabolanda, og i alle land langs flyktningrutene frå Tyrkia og nordover i Europa.
Men vi var også i Somaliland og Eritrea for å finne ut kvifor folk derifrå la i veg. Bildet vi får er samansett, derfor vil NRK gi meir plass til bakgrunnsstoffet.
Nytt utenriksår – på godt og vondt
Utenriksåret 2015 starta og enda i Paris – med terroren mot Charlie Hebdo i januar og klimaavtalen i desember.
Det nye året vil vise om verdas land klarer å følge opp klima-avtalen frå Paris. Vil Storbritannia halde folkeavstemming om sitt forhold til EU? Terror vil råke igjen, i 2015 kom den så nær som København.
Også i Norge kjente mange på frykten. Det som skjer ute påverkar oss her heime.
Meir bakgrunn, meir Urix
I ei verd med informasjonsoverskot er det viktig for NRK å vere til stade der det skjer. For å dokumentere, sortere i informasjonen og skille fakta frå fiksjon.
På nettet og i sosiale medier florerer bilda og historiene. Meir eller mindre veldokumentert.
Kva er ekte? I 2015 har NRKs journalistar besøkt godt over halvparten av verdas land. For å bringe våre eigne historier heim til eit norsk publikum.